Program Førde

Registrering

Ved ankomst på Førde vidaregåande skule må ein frå kvar bedrift (gjerne dagleg leiar) møte ved info-desken midt i messeområdet ved sidan av kantina. Der må vedkommande hente fargeband vegne av heile bedrifta. Registreringa åpnar kl. 09.15, og alle må være på plass til kl. 10.00 - då startar åpninga av meisterskapet frå scena.

Fargeinndeling
Alle skular er inndelt i fargar. Fargegruppa din skule høyrer til vil avgjere ditt program for dagen. Alle får tilbod om det same, men til ulike tider.
Fargeinndelinga viser kva aktivitetar di ungdomsbedrift skal gjere til ei kvar tid. Sjå under for å finne kva fargegruppe din skule høyrer til. Sjå deretter på programmet for å finne ut kor tid de skal vere med på dei ulike postane i programmet.

Lunsj
Til lunsj får alle ungdomsbedrifter utdelt ein baguett pr. person i bedrifta (inkl. lærar). Lunsj blir servert i standområdet frå kl. 11.30. Hugs at dette er ein lang dag så vi anbefalar dykk å ta med drikkeflaske og gjerne frukt eller anna påfyll for å holde heile dagen. Det er også kantine på Førde vgs. Der vil det vere mulig å få kjøpt mat/drikke ved behov.


Gruppeinndeling FMUB 2024
Program FMUB 2024 6

For eksempel:

Alle ungdomsbedrifter (UB'ar) i Blå gruppe startar dagen med å stå på stand frå kl. 10.30 - 11.30.

  • Alle UB'ar får eit bord, les meir om korleis de set opp stand her: https://www.ue.no/vestland/inf...
  • Her vil de få høve til å selge produkt. De vil også få besøk av juryen for konkurransen "Beste salsbedrift" - så ver klar og i seljarmodus!

Kl. 11.30 skal UB'ar frå Blå gruppe inn i auditoriet på Førde vgs for pitch i Beste Ungdomsbedrift.

  • UB'ar som er påmeldt i konkurransen "Beste Ungdomsbedrift" skal holde sin pitch - dei får tilsendt eigen informasjon med tidsskjema.
  • Alle andre sitt i salen og heiar på sine medelevar!

Til slutt skal Blå gruppe gå vidare til intervju kl. 12.30.

  • Kvar ungdomsbedrift må sjekke sine interjvutider nøye. Intervjutider for kvar kategori blir slått opp i messeområdet.
  • Standen kan stå som den er til den skal pakkast ned på slutten av dagen.
  • Alle som er oppmeldt i konkurransar med intervju på meisterskapsdagen får tilsendt lenke til tidspunkt for dei ulike konkurransene. Les nøye, finn dykkar tider og noter dei ned!
  • Når det er tid for eit intervju går ein til intervjuområdet, melder seg til crew og blir sendt i retning juryen.
  • Det kan bli mange intervju for nokre av UB'ane, då kan det være lurt å dele opp gruppa og ikkje prøve å stille saman i alle intervju.
  • Dersom ein har ledig tid går det an å førebu seg til intervju, møte andre på stand, eller ta seg ein pust i bakken med litt mat og drikke.