Louise får prøve seg som toppleiar

Louise Ole Erik 169

Louise Strømstad Brinkmann er blant 25 handplukka leiartalent som får skygge ein toppleiar torsdag 20. oktober, gjennom Ungt Entreprenørskap sitt program «Leder for en dag». Louise blei valgt ut til å delta på bakgrunn av innsatsen som daglig leiar i ungdomsbedrifta UB Discount.

Ungt Entreprenørskap trur på å lære ved å gjere

Kvart år blir det etablert rundt 170 ungdomsbedrifter ved dei vidaregående skulane i Innlandet. Dei 25 leiartalenta som deltek på «Leder for en dag», er elevar som har utmerka seg i arbeidet med ungdomsbedrift eller studentbedrift, og dei blir kobla opp mot ein toppleiar frå eit relevant selskap, ein organisasjon eller ei offentleg verksemd.

"Ungt Entreprenørskap Innlandet skapar møteplassar mellom utdanning og arbeidsliv, og gir elevane realistiske læringssituasjoner. Gjennom «Leder for en dag» blir dei unge talenta kjent med relevante verksemder, og vi håpar at dei blir inspirert og ser framtidige karrieremuligheiter, også i Innlandet!"
Karin Rønning, daglig leiar i Ungt Entreprenørskap Innlandet

Louise inntar leiarstolen i NHO

Leiaren som Louise skal følge gjennom ein heil arbeidsdag, er ingen ringare enn Ole Erik Almlid, administrerande direktør i NHO (Næringslivets hovedorganisasjon).

Louise ser fram til ei lærerik oppleving og har planar om å bruke dagen godt:

"Eg er veldig glad for å få delta og er spent på korleis dagen blir. Eg trur eg vil få eit godt innblikk i kvardagen til ein toppleiar. Samtidig kan eg få gode tips til korleis vi kan utvikle bedrifta vår vidare. Vi er også på utkikk etter investorar, så dette er ein super sjanse til å knytte viktige kontakter."
Louise Strømstad Brinkmann

Louise er fortsatt daglig leiar i ungdomsbedrifta UB Discount ved Vinstra vgs. Fem elevar starta opp i forrige skuleår, og Louise har saman med medelev Magni Hjelstuen så stor tru på ideen at dei har vidareført bedrifta også i dette skuleåret. Ideen til UB Discount går ut på å lage ein app som skal gjere det enklare for kundar og bedrifter å handtere bruken av gåvekort og tilgodelappar.

UB Discount vann fleire prisar på Fylkesmesterskapet for ungdomsbedrifter i Innlandet i mars, og deltok også på NM for ungdomsbedrifter.

Ei oversikt over alle som deltek på årets «Leder for en dag» finn du her.

Kontaktinfo Louise Strømstad Brinkmann

Mobil: 466 49 496
Epost: louise.sbri@icloud.com