Bankkonto for ungdoms- og studentbedrifter i Vestland - Sogn og Fjordane

De står fritt til å nytte den banken de ynskjer. Ungt Entreprenørskap Vestland, avd. Sogn og Fjordane og Sparebanken Sogn og Fjordane har ein avtale som vil gjere det enklare for bedriftene å opne ein bedriftskonto.

Klikk her for å gå til Sparebanken Sogn og Fjordane for meir informasjon.

Vel ungdomsbedrifta ein annan bank har Finans Norge (FNO) utarbeida eit informasjonsskriv til bankar som ikkje veit kva Ungdomsbedrift / Studentbedrift er. De kan vise det til banken om de treng meir informasjon for å opprette konto. Informasjonsskrivet ligg HER.

Vi anbefaler dykk å kontakte bankfilialen FØR de besøker banken, enten ved å ringe eller ved å sende ein mail. Kontakt den av filialane som passar best for dykk og sett opp eit møte med en kunderådgjevar. Sparebanken Sogn og Fjordane har filial i de fleste kommunane i fylket.

www.ssf.no

Kontoavtalen som ein får i banken, skal signerast av dei elevane som etter vedtektene har signaturrett. Sjå punkt 4c i dykkar vedtekter om kven som har signaturrett. Lærar (kontaktperson) skal ikkje behøve å signere. Kontoen vert gjort opp ved avvikling av ungdomsbedrifta / studentbedrifta.

Økonomiansvarleg eller andre som har myndigheit frå bedriftseigarane/deltakarane etter avtale med banken, kan disponere bedriftskontoen åleine blant anna via Nettbank privat og/eller Bedriftskort med Visa.

Ungdoms- og studentbedrifter som opprettar bedriftskonto i Sparebanken Sogn og Fjordane får kr. 500,- direkte på konto i form av oppstartskapital frå banken.

Vipps

De kan bestille vippsnummer til bedrifta etter at de har fått eit organisasjonsnumer. Den som bestiller Vippsnummer må kunne signere med BankID. Avtalen skal signerast i samsvar med signaturberettiga i vedtektene, og de må difor sende vedtektene til driftkontovippsbedrift@dnb.no. De må sende vedtektene samstundes som de bestiller Vippsnummer.

Ynskjer de å lese meir om Vippsnummer, kan de sjå informasjon om dette på
Sparebanken Sogn og Fjordane sine heimesider HER

BankID

Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr både BankID og BankID for mindreårige(13-17 år). Du finn meir informasjon om BankID og bestilling av dette på banken sine nettsider: https://www.ssf.no/bankid

Dersom du har privatkundeforholdet ditt i ein annan bank, må du bestille BankID der.