Praktisk info

Stand – Utstilling av elevbedrifter

Når de kjem til arrangementet må de registrere dykk i sekretariatet. Der er det og representantar frå UE som vil hjelpe dykk på plass og hjelpe dykk med praktiske problem som måtte oppstå.

Kvar elevbedrift som deltar på vil bli tildelt ein stand, ein stad der de kan vise fram bedriftene eller prosjekta dykkar. Kvar elevbedrift vil få eit bord og litt veggplass. Treng de mykje plass må de melde tilbake kva de har behov for. Vi prøvar å legge til rette for at alle får straum på sin stand. Kan likevel vere lurt å ta med ein ekstra kabel. Det er viktig at de planlegg dette nøye på førehand slik at det går fort å få opp utstillingane.