Konkurransekriterium

Dokumentasjon av punkta nedanfor vert ein del av den totale vurderinga. I tillegg vert ein vurdert på heilskapsinntrykket av elevbedrifta.

Kreativitet, nyskaping og gode idear vil bli vektlagt i alle klassar.

¤ Beste elevbedrift

Elevbedrifta:

  • viser god kunnskap om sitt eige produkt og målgruppe for produktet/tenesta.
  • har marknadsført seg på ein god og tydeleg måte.
  • viser god kunnskap om det å drive ei elevbedrift og er bevisste på kva dei har lært undervegs.
  • framstår som eit samla team, og med tydeleg rollefordeling.
  • har god orden i økonomien.
  • er med å løyse ein eller fleire berekraftsutfordringar.


Elevbedrifta må levere inn:

  • Ein videopitch kor dykk skildrar elevbedrift dykkar og dykkar produkt (vare/tjeneste).
    • Videopitchen skal leverast som enten ei videofil eller ein url til YouTube, Vimeo eller liknande i dette skjemaet:

LEVER INN VIDEOPITCH / PRESENTASJON HER

¤ Beste lokalsamfunnsprosjekt

Elevbedrifta:

  • tek utgangspunkt i nærmiljøet/lokalsamfunnet.
  • produktet/tenesta kjem innbyggarane (også barn) til nytte
  • har dekka eit lokalt behov


¤ Beste berekraftige produkt/teneste

Elevbedrifta:

  • har eit gjennomarbeida og tydelig produkt (vare/teneste).
  • viser kunnskap om produktet sitt.
  • har en tydeleg målgruppe.
  • kan vise til produktet eller tenesta sin verdiskaping. Dette kan være innafor miljø, sosial verdiskaping, kulturell verdiskaping og økonomi.
  • kan vise til at de jobbar med eit eller fleire av FN sine berekraftsmål.


¤ Beste stand

Elevbedrifta:

  • sitt namn og eventuell logo kjem godt fram
  • har ein stand som famstår heiskapleg og har ein tydeleg estetisk tanke i botnen
  • tek i bruk ulike virkemiddel for å skape merksemd rundt standen
  • brukar standen godt til tydeleg å vise elevbedrifta sitt produkt / teneste
  • har gjort tydelege berekraftige vurderingar og tiltak med tanke på utforming av stand

¤ Beste videopitch (presentasjon)

Videopitchen:

  • er maksimalt 2 minuttar lang.
  • inneheld ein presentasjon av bedrifta og ein beskrivelse av produktet (vara/tenesta).
  • har fokus på kvifor deira produkt (vare/teneste) er bra, og formidlar dette på en god og overbevisande måte.
  • har eit klart bodskap som treff målgruppa.


Elevbedrifta må levere inn:

  • Ein videopitch kor dykk skildrar elevbedrift dykkar og dykkar produkt (vare/tjeneste).
    • Videppitchen skal leverast som enten ei videofil eller ein url til YouTube, Vimeo eller liknande i dette skjemaet:

LEVER INN VIDEOPITCH / PRESENTASJON HER