Konto for elevbedrifter
Konto og Vipps for elevbedrifter
Ungt Entreprenørskap Vestland tilbyr bankkonto og Vipps-løysingar til elevbedrifter. Ansvarleg lærar får tilgang til bankkontoen, medan elevane kan få tilgang til Vipps-løysingar for å ta imot betalingar.
Vi anbefaler å nytte desse løysingane. Dei gir elevane praktisk erfaring med økonomi og bedriftsdrift.
Slik får de tildelt konto
Før de tek kontakt, må de:
- Fastsetje namn på elevbedrifta og forretningsidé.
- Avklare kven som skal vere dagleg leiar og økonomiansvarleg.
Registrere elevbedrifta hos Ungt Entreprenørskap her.
Dagleg leiar og økonomiansvarleg må ha BankID dersom de ønskjer å bruke Vipps-løysingane.
Når dette er på plass, kan de ta kontakt med Sara Tokheim på sara.tokheim@ue.no for å avtale eit kort møte.
Etter møtet opprettar vi konto og sender informasjon om kontotilgang til ansvarleg lærar.
Viktig å vite om konto
- Det blir ikkje utstedt bankkort til kontoen.
- Det er ikkje mogleg å ta ut kontantar.
- Ved behov for betalingar må pengar overførast til privat konto.
- Kontoen blir avslutta ved slutten av skuleåret dersom ikkje anna er avtalt.
- Eventuelle pengar som står att på kontoen ved skuleslutt, blir tilbakeførte til UE Vestland.
Vipps for elevbedrifter
Elevbedrifter med konto gjennom UE Vestland kan få tilgang til to ulike Vipps-løysingar.
VippsKassa
VippsKassa passar best for elevbedrifter som:
- sel fleire produkt eller tenester
- tek imot betaling frå ungdom under 15 år
- driv kantine eller har jamleg sal med fleire produkt
Elevane kan bruke appen VippsKassa til å registrere sal og ta imot betaling med Vipps, kort, kontantar og betalingskort /Tap to Pay).
Vippsnummer eller QR-kode
Vippsnummer eller QR-kode passar best for elevbedrifter som sel eitt produkt eller ei teneste, og som hovudsakleg tek imot betaling frå vaksne.
Elevane kan bruke appen Get Paid til å følgje betalingar og ta imot kortbetaling med Tap to Pay
Hugs dette
- Privat Vipps skal ikkje brukast i elevbedrifta.
- Elevane som skal bruke Vipps-løysingane må ha BankID.
- Treng de hjelp til å velje løysing? Ta kontakt med Sara Tokheim på sara.tokheim@ue.no.
Kva løysing bør de velje?
VippsKassa
- Fleire produkt eller tenester
- Kantinedrift
- Sal til ungdom under 15 år
Vippsnummer eller QR-kode
- Eitt produkt eller éi teneste
- Betaling hovudsakleg frå vaksne
