Ny kommuneavtale med Øystre Slidre

Øystre Slidre kommune inngikk samarbeidsavtale med Ungt Entreprenørskap Innlandet i juni 2020, og denne hausten er elevane ved Øystre Slidre ungdomsskule i full gang med å utvikle idear til eigne elevbedrifter!

Samarbeidsavtalen gir skulane tilgang til program som støttar opp under fagfornyinga sitt fokus på kreativitet, skaparglede og utforskartrang. Ungt Entreprenørskap skal bidra med aktivitetar knytt opp mot tre prioriterte program; SMART på barnetrinnet, samt Elevbedrift og Økonomi og karrierevalg på ungdomstrinnet.

OSUS EB 23 9 20
Rådgiver i Ungt Entreprenørskap Innlandet, Inger Toril Holte Breien (t.h.), saman med elevar og lærarar ved Øystre Slidre ungdomsskule, samt ordførar i Øystre Slidre kommune, Odd Erik Holden.

Elevane skapar verdiar

I første omgang er det 16 elevar i valgfaget Utvikling av produkt og tenester som skal etablere elevbedrifter. Dei er godt i gang med å finne forretningsidear og synest det er ein spennande måte å lære på. - Eg vil jobbe med elevbedrift og valgte dette valgfaget fordi eg vil jobbe med noko praktisk og fysisk, seier elev Simen Døvre Roland. Medelev Enya Solhaug framhevar at det blir gøy å vere kreativ og få lage ulike produkt.

Nokre av elevane har kanskje heilt klare ambisjonar for bedriftsetablering i framtida? Martin Gjelstad er i alle fall tydelig på kva han vil oppnå med faget:

"Eg vil øve på å drive bedrift."
Martin Gjelstad, elev ved Øystre Slidre ungdomsskule

Lærar Gudrun Ulstølen opplever at elevane er motiverte og ivrige etter å kome i gang. Sjølv er ho spent på å undervise i faget. – Dette med entreprenørskap og elevbedrift er nytt for meg som lærar, men eg har erfaring frå å drive eiga verksemd, seier ho. – Og så er det fint å få hjelp og oppfølging frå Ungt Entreprenørskap.

Ordførar i heiagjengen

Det er mange som støtter opp under arbeidet med entreprenørskap i skulen, og som heier fram dei unge gründerane. Ein av dei ivrigaste pådrivarane er ordførar i Øystre Slidre kommune, Odd Erik Holden. Han har allereie vore på besøk og møtt elevane som skal jobbe med elevbedrift ved Øystre Slidre ungdomsskule dette skuleåret.

- Eg er opptatt av at de skal få skape noko, og eg ønsker å gi dykk eit godt grunnlag for å skape nye arbeidsplassar seinare. Kommunen vår treng gründerar og folk som finn på nye idear, og eg gleder meg til å sjå kva de kan skape framover, sa han til elevane under besøket.

Ordføraren er naturlig nok opptatt av lokale ressursar og lokal verdiskaping. Elevane i Øystre Slidre er topp motiverte for å vere entreprenørielle og kreative – dei vil ta tak i problem rundt seg, finne betre løysingar og skape verdiar i lokalsamfunnet sitt.

Velkommen på entreprenørskapslaget

Øystre Slidre er den fjerde av Valdres-kommunane som inngår samarbeid med Ungt Entreprenørskap Innlandet. Frå før er Nord-Aurdal, Sør-Aurdal og Vang kommunar med i samarbeidet.

- Vi ønsker Øystre Slidre kommune velkommen med på laget, og vi gleder oss til å følge opp skulane og elevane vidare, seier Karin Rønning, daglig leiar i Ungt Entreprenørskap Innlandet.