Praktisk informasjon

EB ikon

Kven kan delta?

For å kunne delta på elevbedriftsmessa må elevbedrifta vere registrert og godkjent i Ungt Entreprenørskap sin registreringsportal. Informasjon om registreringsrutiner finn du i EB-løypa.

Påmelding

Elevbedriftene melder seg på ved å fylle ut påmeldingsskjema innen 26. mars.

Transport

Ung i Midtdalen set opp busstransport til og frå Ringebuhallen.

Avgang Vinstra usk: Ved skulestart.

Avgang Sør-Fron usk: Ved skulestart.

Stands

Kvar elevbedrift får ein tilvist plass med to pultar. Anna utstyr til standen må kvar elevbedrift ta med sjølve. Tenk berekraft! Ikkje ta med mykje utstyr som blir kasta etterpå. Bruk element som de uansett har bruk for i elevbedrifta dykkar. Ta høgde for at vi ikkje kan love at det er vegg eller straumuttak på den tilviste plassen.