Kategoriar og kriterium

Det blir sju konkurransar på årets Regionmeisterskap. Juryane gjennomfører samtale/intervju med elevbedriftene på stand.

  1. Beste team
  2. Beste kundeoppleving på stand
  3. Beste grønne entreprenør
  4. Beste handverksprodukt
  5. Nyskapingsprisen
  6. Beste elevbedrift
  7. Årets påhitaug

1. Beste team

Juryen vil vurdere ut fra følgande kriterium:

  • Elevbedrifta har fordelt oppgåvene ut frå talent, eigenskapar og ønskje om personleg utvikling.
  • Elevbedrifta reflekterer godt kring korleis dei fungerar saman, og har iverksett tiltak for utvikling av godt samarbeid og arbeidsmiljø.
  • Teamet kan gje konkrete eksempel på utfordringar dei har møtt, og korleis dei løyste desse i saman.
  • Elevbedrifta reflekterer godt kring kva dei har lært gjennom samarbeidet i elevbedrifta.
  • Teamet framstår som ei samla eining, med felles mål, tydeleg engasjement og god arbeidsfordeling.


2. Beste kundeoppleving på stand

Prisen blir tildelt ei elevbedrift som gir ei god oppleving til besøkande, basert på følgande kriterium:

  • Standen har eit gjennomtenkt visuelt uttrykk, slik at publikum raskt forstår kva elevbedrifta tilbyr.
  • Elevane viser aktivt nærvære, følgjer med på publikum og tek initiativ til kontakt på ein naturleg og inkluderande måte.
  • Markedsførings- og standmateriell er utforma på ein berekraftig måte, med omsut for gjenbruk og ombruk.
  • Elevbedrifta viser god produktkunnskap.

3. Beste grønne entreprenør

Juryen vil vurdere ut fra følgande kriterium:

  • Elevbedrifta bidreg til berekraftig utvikling, og tilbyr eit produkt (vare/teneste) som skapar ei meir miljøvenleg verd.
  • Elevbedrifta bidreg til å løyse eitt eller fleire av FNs berekraftsmål.
  • Elevbedrifta har teke bevisste berekraftige val gjennom heile prosessen frå idé til produksjon og eventuelt sal (t.d. bruk av råvarer, type emballasje, avfallshandtering).
  • Elevbedrifta har kartlagt at det er ein marknad for produktet.

4. Beste handverksprodukt

Juryen vil vurdere ut fra følgande kriterium:

  • Elevbedrifta har teke utgangspunkt i ein lokal ressurs og skapt sitt eige produkt.
  • Elevane kan forklare prosessen frå idé til ferdig produkt, samt forklare val undervegs (design, teknikkar, råvarer/metoder).
  • Produktet møter eit reelt behov i marknaden, og elevbedrifta kan gjere greie for målgruppe og kundeverdi.
  • Produktet er av god kvalitet.
  • Elevane har gjort bevisste og berekraftige val undervegs i utviklinga av produktet.
  • Elevane kan forklare korleis produktet fremjar lokal identitet og kultur.

I denne konkurransa vert kun fysiske produkt vurdert. Importerte produkt kvalifiserer ikkje for deltaking i denne konkurransa, og heller ikkje produkt laga på bestilling, av ekstern produsent. Bedrifta må kunne vise til at dette er bedrifta sin eigen produksjon.

5. Nyskapingsprisen

Juryen vil vurdere ut fra følgande kriterium:

  • Elevbedrifta har ein forretningsidé som er kreativ og nyskapande.
  • Elevbedrifta har teke utgangspunkt i eit problem eller ei utfordring slik at ideen bidreg til å skapa ei forbetring, fornying eller forenkling i framtida.
  • Elevbedrifta kan forklare utviklingsprosessen, inkludert korleis ideen har vorte testa, justert og forbedra undervegs.
  • Ideen viser potensial for vidareutvikling, også utover elevbedriftsperioda.
  • Elevbedrifta har kartlagt at det er ein marknad for produktet (vara/tenesta).

6. Beste elevbedrift

Juryen vil vurdere ut fra følgande kriterium:

  • Elevbedrifta viser god profesjonalitet i alle ledd, blant anna i kundebehandling, kommunikasjon og produksjon.
  • Elevbedrifta har marknadsført seg på ein god og tydeleg måte mot si målgruppe.
  • Elevbedrifta står fram som eit team, og med tydeleg ansvarsfordeling.
  • Elevbedrifta viser god kunnskap om å drive elevbedrift og er bevisste på kva dei har lært av å drive elevbedrift.
  • Elevbedrifta har god orden på økonomien sin og kan forklare prissetting og lønnsomheit på eitelevbedriftsnivå.
  • Elevane kan forklare korleis elevbedrifta har arbeidd med berekraftsmåla.
  • Elevbedrifta har jobba aktivt med nettverk, inkludert samarbeidspartnarar, mentorar, næringsliv eller lokalmiljø.

7. Årets påhitaug - publikumsprisen

Fronsmålet definerer ordet “påhitaug” slik: “Idérik; som finn på mangt”.

Denne prisen er det publikum som avgjer. Alle som ønskjer, får ei stemme til å stemme fram sin favoritt.