Tips og råd til elevbedriftsmesterskapet
1. Gjer dykkar beste og hugs at det er godt nok!
Hugs at arbeidet de legg ned i bedrifta, presentasjonar og anna, er for dykk sjølve. Så lenge de gjer det beste de kan ut frå dei moglegheitene de har, er det ingen som kan forvente meir. Vit at vi heiar på dykk og er imponerte over det de får til.
2. Les gjennom konkurransekriteria
Finn ut kva for kategoriar som passar for akkurat det de har jobba med, og tenk gjennom korleis de kan få dette fram for ein jury.
3. Bruk god tid på å planleggje før de leverer inn
Tenk på, og snakk saman om korleis bidraget dykkar kan presenterast på best mogleg måte.
Videobidraget kan leverast anten som ei lenkje eller som ei fysisk fil som de lastar opp. Dersom de leverer ei lenkje, pass på at ho kan opnast av andre utanfor skulen. Test gjerne med nokon de kjenner.
4. Fordel arbeidet mellom alle i bedrifta
Pass på at ikkje berre ein person i bedrifta blir sitjande med alt arbeidet knytt til innlevering. Fordel arbeidsoppgåvene godt også her. Bruk dei ulike styrkane kvar enkelt i bedrifta har, og be om hjelp dersom de står fast. Tenk også på korleis de framstår som ei gruppe – det har mykje å seie for dei som skal prate med dykk.