Entreprenørskapsmesse i Sogn 16.april 2024

Ungt Entreprenørskap Vestland, Sogn regionråd og Lærdal Kommune inviterer til entreprenørskapsmesse 16.april.

Årets Sognemesse vil gå føre seg fysisk i Lærdal.

Hovudmålet er å presentere entreprenørskapsarbeid for alle 8. klassane i regionen, der dei får sjå og lære av elevbedrifter frå 9. klasse. I tillegg er målet at elevane skal få kjennskap til regionalt arbeids og næringsliv gjennom bedriftsbesøk og foredrag med ein lokal gründer.

Viktige datoar:

  • Registrere elevbedriften i Perikum. Snarast
  • Skulen melder på bedrifter i prioritert rekkefølgje. 1.mars
  • Frist for å sende inn video. 15.mars
  • Digitalt intervju. 4.april
  • Fysisk messe. 16.april

Informasjonbrev (11.04.24) om messen 16.april

Skjermbilde 2024 04 11 kl 09 17 38
Skjermbilde 2024 04 11 kl 09 17 46
Skjermbilde 2024 04 11 kl 09 17 54

Oversikt over deltakende elevbedrifter

Skjermbilde 2024 04 11 kl 09 21 49
Skjermbilde 2024 04 11 kl 09 21 56
Skjermbilde 2024 04 11 kl 09 22 02

Kart over plassering

Skjermbilde 2024 04 11 kl 09 25 30

Konkurransekriterium:

1. Beste elevbedrift

Elevbedrifta har eit godt produkt (vare/teneste) ... har god kunnskap om sitt eige produkt og ønska målgruppe ... har marknadsført seg på ein god og tydeleg måte ... syner god kunnskap om det å drive ei elevbedrift og er bevisste på kva dei har lært undervegs ... står fram som eit samla team, og med tydeleg rollefordeling ... har god orden i økonomien sin.

2. Berekraftprisen

Elevbedrifta ... ... set med sitt produkt fokus på, eller er med å løyse, ei eller fleire berekraftsutfordringar ... kan syne til ei eller fleire av FN sine berekraftsmål, som dei jobbar etter ... kan reflektere over miljø-, sosial og kulturell- og økonomisk dimensjon av berekraftig utvikling.

3. Beste nærmiljø/lokalsamfunnsprosjekt

Elevbedrifta ... ... tek utgangspunkt i nærmiljø/lokalsamfunnet ... kjem innbyggjarane til nytte ... har dekka eit lokalt behov

4. Beste produkt (varer/tenester)

Elevbedrifta ... ... har ein innovativ og nyskapande ide ... har ein gjennomførbar ide ... har ei tydeleg målgruppe og har undersøkt behovet for produktet i forkant ... kan fortelje om korleis dei kom fram til produktet (vara/tenesta) og syner kunnskap og stoltheit kring eige produkt.

5. Beste stand

Elevbedrifta ... ... syner eit godt estetisk uttrykk og utforming av stand ... tek i mot juryen og publikum på ein god måte gjennom personleg uttrykk, formidlingsevne og munnleg presentasjon ... har målretta fysiske eller digitale marknadsføringsartiklar som til dømes brosjyrar, plakatar, give-aways osv. Bruk kreativiteten!

6. Beste salsbedrift

Elevbedrifta ... ... har hatt eit godt sal og syner god økonomisk styring ... tek i mot juryen og publikum på ein god måte, der dei framstår som gode seljarar og ambassadørar for elevbedrifta si.

7. Beste video

Elevbedrifta ... ... fokuserer gjennom sin video på kvifor deira produkt (vare/teneste) er bra, og formidlar dette på ein god og overtydande måte ... skapar engasjement, interesse og nysgjerrigheit gjennom videoen ... formidlar kreativitet og orginalitet ... syner god teknisk og digital kompetanse.


Premie

Det blir premie i form av pizza til klassen og diplom til vinnarbedriftene i alle kategoriane.

Elevbedriftene som melder seg på blir automatisk med i alle kategoriane.

Tidligere informasjonsbrev

Skjermbilde 2024 01 16 134542
Skjermbilde 2024 01 16 134600
Skjermbilde 2024 01 16 134617
Skjermbilde 2024 01 23 132529
Skjermbilde 2024 01 23 132545
Skjermbilde 2024 01 23 132559
Fredrik2
Fredrik Jarstadmarken
Nestleiar, Prosjektleiar Sogn