Kategorier og kriterier
Det blir fem konkurransar på årets elevbedriftsmesse. Juryane gjennomfører samtale/intervju med elevbedriftene på stand.
- Beste elevbedrift
- Grønt&genialt-prisen
- «Spis#MerAv»-prisen
- Beste profilering
- Beste team
1. Beste elevbedrift
Juryen vil legge vekt på følgande:
- Elevane har gode kunnskapar om produktet og eventuelle konkurrentar i marknaden.
- Elevbedrifta har marknadsført seg på ein god og tydelig måte.
- Elevbedrifta framstår som eitt team, og med tydelig ansvarsfordeling.
- Elevbedrifta har god kunnskap om dei ulike fasane i å drive elevbedrift.
- Elevane er bevisste på kva dei har lært av å drive elevbedrift.
- Elevbedrifta har god orden i økonomien sin.
2. Grønt&genialt-prisen
Juryen vil legge vekt på følgande:
- Elevbedrifta har utvikla nyskapande produkt (varer/tenester) som bidrar til bærekraftig utvikling gjennom eit meir bærekraftig forbruk.
- Elevbedrifta har ein marknad for produkta sine.
- Elevbedrifta bidrar til å løyse eitt eller fleire av FNs bærekraftsmål.
3. «Spis#MerAv»-prisen
Juryen vil legge vekt på følgande:
- Elevbedrifta tilbyr produkt (varer/tenester) som bidrar til at fleire vel å spise #MerAvGrovtGrøntogBlått, og viser korleis dette heng saman med kostråda. Dette kriteriet blir mest vektlagt.
- Elevbedrifta har ein marknad for produkta sine, og bidrar til matglede med vekt på smak, trivsel og sosialt fellesskap.
- Elevbedrifta kan forklare kva for bærekraftige vurderingar og tiltak dei har gjort.
- Elevbedrifta har fokus på nyskaping og kreativitet.
4. Beste profilering
Juryen vil legge vekt på følgande:
- Utstillinga: Korleis ser utstillinga ut, kva inntrykk får vi av bedrifta gjennom utstillinga, samsvar mellom utstilling og forretningsidé.
- Logo: Koblinga mellom logo og forretningsidé, eignar logoen seg til bruk på ulike flater, generelt inntrykk av logoen.
- Profesjonalitet på stand: Korleis møter elevane kundar på stand, kva kan dei om produktet/tenesta, salgseigenskapar.
5. Beste team
Juryen vil legge vekt på følgande:
- Ansvarsfordeling: Elevbedrifta har fordelt ansvar og oppgåver ut frå talent, eigenskapar og ønske om personlig utvikling.
- Samarbeid og samspel: Korleis har teamet fungert saman, og kva har elevbedrifta gjort for å utvikle godt samarbeid og arbeidsmiljø?
- Motivasjon og innsats: Klarer elevbedrifta å forklare korleis den enkelte sin motivasjon og innsats har påverka resultata i bedrifta?