Jord Fjord Bord dagen 2024 Sogndal vgs

Den 1. februar arrangerte Ungt Entreprenørskap Vestland Jord Fjord Bord dagen på Sogndal vgs. 7 inviterte ungdomsskuleelevar fekk prøvd seg på kjøkkenet saman med elevane frå ungdomsbedrifta Klassekokkane UB på Sogndal vgs. Med oss på arrangementet hadde vi dei to superkokkane Thomas Holme Smådal og Knut Munthe Olsen. På førehand hadde lærarane langtidssteikt hjortenakke (som er ein undervurdert råvare) og elevane fekk tilgang til diverse råvarer i form av frukt og grønsaker som vi blant anna fekk frå lokale butikkar fordi dei ikkje var salgbare i butikken lenger. Elevane fekk i oppgåve å vere kreative med utgangspunkt i dei tilgjengelege råvarene. Då startskuddet for arrangementet gjekk, var det omtrent som å trykke på ein knapp, og så var elevane i gang med full produksjon i grupper på tre og tre. Elevane på vidaregåande skal ha skryt for korleis dei inkluderte dei besøkande ungdomsskuleelevane. Dei vart tatt med på laget frå fyrste minutt. Resultatet talar for seg sjølv. Sjå bilder og video lenger nede i artikkelen.

Kreativitet og matinnovasjon på agendaen

Med fritt spelerom til å komponere sine eigne rettar kom elevane opp med mange gode idéar med utgangspunkt i dei tilgjengelege råvarene.

20240201 110735

Superkokk Thomas Holme Smådal

Superkokken Thomas Holme Smådal var ansvarleg for det faglege innhaldet på arrangementet og presenterte oppgåvene som elevane skulle jobbe med. I tillegg holdt han innlegg om si reise som kokk og frå den tida han hadde ungdomsbedrifter som vgs elev.

Thomas

Smaksprøver

Til slutt vanka det smaksprøver på alle som var tilstades. Kanskje unødvendig å sei at vi vart mette alle sammen.

20240201 121658

Her kan du sjå videoen frå Jord Fjord Bord dagen 2024 på Sogndal vgs: