Firda vgs + innovasjonscamp = smarte løysingar for framtida!

Sfe

Kva om alle bussar og taxiar i framtida gjekk på solceller? Tenk deg eit biogassanlegg der innkommande avfall blir automatisk sortert via ein høgteknologisk KI scanner. Det er nokre av løysingane som kom fram på innovasjonscamp med Ungt Entreprenørskap, Firda vgs og Sogn og Fjordane Energi (SFE)

Firda vgs alle vinnarar

70 elevar frå Firda vidaregåande skule på Sandane deltok på innovasjonscamp i regi Ungt Entreprenørskap Vestland og Sogn og Fjordane Energi 2.-3. juni. Arrangementet gjekk over to dagar og oppstarten var i SFE sine lokale på Sandane. Der fekk elevane anledning til å bli godt kjent med innovasjonscampoppdraga og bedrifta SFE som oppdragsgjevar. Dei fekk også ei innføring i innovasjonscamp som konsept. På bildet ser vi dei to vinnarlaga på innovasjonscampen saman med mentorane frå SFE.

Biogass anlegg

Eit av oppdraga på innovasjonscampen var at elevane skulle komme med forslag til korleis SFE kan realisere eit biogass anlegg. Blant anna vart dei utfordra på kva tekniske løysingar som kan vere aktuelle i eit slikt anlegg. Vinnargruppa på dette oppdraget kom opp med ei løysing som vakte oppsikt hos oppdragsgjevaren. Ein smart høgteknologisk KI scanner som kan scanne og sortere avfall som blir levert til anlegget. På den måten får dei filtert vekk problematiske stoff, ein får målt mengden avfall og ein gjer bioavfallet meir berekraftig.

Buss med solceller

Eit anna oppdrag gjekk ut på å bygge ut meir fornybar energi i Nordfjord regionen samtidig som ein tek omsyn til minst mogleg inngrep i naturen. Den gruppa som juryen kom fram til hadde den beste løysinga på dette hadde eit forslag om at framtidas kollektivtransport i form av bussar og taxiar skulle forsynsast av solcelleenergi med solceller på taket som vist på illustrasjonen deira. Dette er kanskje ikkje mogleg å få til med dagens teknologi, men i framtida når batteripakkane blir mindre og solcellepanela meir effektive så kan det bli ein realitet i fylgje elevane.

Firda vgs Jannicke og Eivind

Jannicke Lindvik frå SFE stod for planlegginga av arrangementet saman med Eivind Husabø frå Ungt Entreprenørskap Vestland og Magne Larsen frå Firda vidaregåande skule. Elevane som ville fekk omvisning i SFE sine lokaler på dag 1. Eit slikt trekantsamarbeid er nyttig både for skulen og oppdragsgjevar. Elevane får anledning til å bli kjent med lokalt næringsliv og bedrifta får vist seg fram som ein attraktiv arbeidsplass for elevane. Mentorane gjekk rundt i gruppene og rettleia elevane undervegs. Det generelle inntrykket var at elevane hadde jobba godt med løysing av oppdraga.