Praktisk informasjon

Stad: Idrettshallen på Voss.

Registrering og påmelding: Alle elevbedrifter som deltek må vere registrerte i UE sitt bedriftsregister på https://perikum.no/ før påmelding. Frist for å melda seg på er 8. mars

Stand:

Når de kjem til messa, må de registrere dykk i Ungt Entreprenørskap si informasjonsbod. Der finn dykk representantar frå UE som kan hjelpe dykk på plass og hjelpe dykk med praktiske problem som måtte oppstå.

Kvar elevbedrift som deltar på messa vil bli tildelt ein stand, ein stad der de kan vise fram bedriftene eller prosjekta dykkar. Kvar elevbedrift vil få eit bord. Treng de mykje plass må de i forkant av messa melde tilbake kva de har behov for. Frist for å melde inn behov for større plass er 1.mars. Det vert ikkje mogleg med tilgong på straum. Dykk må difor komma med opplada PCar om dykk ynskje å visa fram noko via skjerm frå standen.

Spørsmål: Dersom det er informasjon som er uklår eller dersom de har spørsmål er det berre å ta kontakt med Ingrid Kristoffersen: ingrid.kristoffersen@ue.no eller Sara Lundal Tokheim sara.tokheim@ue.no.

Meir informasjon vert lagt ut etter at påmeldingsfristen har gått ut, så difor er det viktig at dykk følgjer nøye med på både e-post og våre nettsider. I tillegg til informasjon vil det også ligge ulike tips på heimesida vår, som kan vere nyttig å lese med tanke på utstilling, stand og presentasjonar under messa.

Garderobar: Sekkar, klede og anna ustyr som ikkje skal nyttast på stand skal leggast i tilviste garderobar. Vi ynskjer minst mogleg utstyr og bekledning på stand.

Program: Program finn de HER

Premiering: Vinn du ein premie går heile elevbedriften opp på scenen, mottar diplom og går ned att. Alle premievinnarar skal bli tatt bilde av ved konfetti roll-upen kl. 14:05.

GDPR: Det vert tatt bilder og video på messa. Du kan reservere deg mot å bli tatt bilete av. Du får lenke frå læraren din.

Messekart: kjem etter påmeldingsfristen er ute.