AlphaMekk UB - Årdal vidaregåande skule

Ungdomsbedrifta AlphaMekk UB frå Årdal vidaregåande skule har gjort stor suksess med produktet sitt "Veatjuven". Elevane på VG2 industriteknologi har stått for både design, produktutvikling og produksjon av den innovative vedkløyvaren. Det heile starta med ei marknadsundersøking lokalt, og elevane slo fort fast at dette var noko som marknaden i aller høgste grad ville ha. Gjennom vinteren opplevde dei at etterspørselen var større enn produksjonskapasiteten.

Alpha Mekk UB
AlphaMekk UB frå Årdal vgs vann fire prisar på Fylkesmeisterskap for ungdomsbedrifter, blant anna Beste ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane. Dei deltar på NM UB 2025.
"Mykje planlegging og mykje å tenka på, men det er moro når vi ser at det harde arbeidet gjev resultat. Vi har lært mykje om å lage eige produkt og det er ekstra moro når vi i tillegg til å lære også tenar pengar"
Leo Moen Elgsaas - dagleg leiar AlphaMekk UB
Img 4814

I tillegg til sjølve vedkløyvaren "Veatjuven" så får du også med ein sleggehammar på kjøpet. I fylgje elevane er det noko som ikkje fins frå før. Ungdomsbedrifta puttar alt overskot inn i bedrifta for å sikre vidare produksjon. Det har vore mykje prøving og feiling før dei kom fram til det endelige produktet. I utgangspunktet er marknaden til AlphaMekk UB lokal, derfor produktnamnet "Veatjuven" som er eit lokalt uttrykk i Årdal.

Produktet løyser fleire problem for kunden. Den kløyver vedkubbar i alle størrelsar samtidig som ein har utstyret lett tilgjengeleg. "Veatjuven" har ein konkurransedyktig pris, er elegant, funksjonell og gir ein ekstra verdi for kunden fordi det er med hammar på kjøpet.

AlphaMekk UB sin videopitch ser du her:

"Elevane har jobba veldig godt med bedrifta si gjennom heile skuleåret, og dei har lært veldig mykje både om faget sitt og kor viktig det er å ha struktur på ting når dei skal drive eiga bedrift. Dei gler seg til å presentere både bedrift og produkt på Lillestrøm"
Joacim Styve, ansvarleg lærar AlphaMekk UB

På NM deltek bedrifta i desse konkurransane:
Beste ungdomsbedrift
Beste yrkesfaglige bedrift
Beste salgsbedrift
Innovasjonsprisen

Deltakarar i bedrifta:
Leo Moen Elgsaas
Jonas Øren
Jan Ove Bjørkum Voll
Amy Chaofai
Joachim Hovland
Konrad Nesse Vigdal
Abdoulie Saidy
Kristoffer Skjær
Martin Vold
Edvin Øvstetun

Kontaktinformasjon:
Leo Moen Elgsaas,dagleg leiar:e-leoelg@iskule.no
Joacim Styve, ansvarleg lærar:joacim.styve@vlfk.no
Eivind Husabø, UE Vestland:eivind.husabo@ue.no

Sjekk ut bedrifta her:
https://www.instagram.com/veatjuven?igsh=dGxjODEzNWRjaDl0