
Bærbar UB - Voss vidaregåande skule
Frå matsvinn til turenergi. Bærbar UB lagar ein tørka smoothie av overskotsfrukt - eit sunt mellommåltid du kan ta med deg overalt.

Mange opplever at tilgjengeleg turmat anten inneheld mykje sukker, lite næring eller at det er lite praktisk å ta med seg. Samtidig er matsvinn eit aukande problem i samfunnet, særleg knytt til frukt og grønt i daglegvarebutikkar. Dette løysar me! Bærbar UB er ei ungdomsbedrift som utviklar og sel eit sunt, næringsrikt og lett bærbart mellommåltid til bruk på tur og i kvardagen.
Målet vårt er å tilby eit berekraftig og attraktivt produkt som bidreg til sunnare matvanar og mindre matsvinn. Visjonen vår er å gjere sunn og berekraftig turmat enkelt og tilgjengeleg. Produktet er utan tilsett sukker og kunstige konserveringsmidlar, har lang haldbarheit og lav vekt, utvikla spesielt for turgåarar, friluftsinteresserte og helsemedvitne forbrukarar. Smoothie-produktet passar godt til dei som ynskjer eit godt, enkelt og sunt mellommåltid, og kan også verta nytta i kantiner, barnehagar og andre. Pulveret kan enkelt blandast i vatn, eller tas på grauten eller yogurten.
På NM UB 2026 deltek ungdomsbedrifta i disse konkurransane:
- Kulturnæringsprisen
- Beste yrkesfaglege bedrift
- Innovasjonsprisen
- Beste samarbeid med næringslivet
Deltakarane i bedrifta:
- Frøya Månum (dagleg leiar)
- Håvard Pedersen-Rise (økonomi- og innkjøpsansvarleg)
- Agnes Gilbakken (sal- og produksjonsansvarleg)
- Gard Hestvik Furnes (kommunikasjonsansvarleg og berekraftsansvarleg)
- Ingeborg Tuxen-Riise (some-ansvarleg og personalansvarleg)
Kontaktinformasjon:
Frøya Månum, dagleg leiar: froya.manum@icloud.com
Halfdan Bergersen, ansvarleg lærar: halfdan.ahrens.bergersen@vlfk.no
Sara Tokheim, Ungt entreprenørskap Vestland: sara.tokheim@ue.no
Lenker:



Lun Duo UB - Bergen Private Gymnas
