
LingoBrett UB på pallen i NM

NM ungdomsbedrift 2025 blei arrangert på Lillestrøm 24.- 25. april. Innlandet deltok med fem ungdomsbedrifter, som representerte fylket på ein svært god måte. I kategorien Kulturnæringsprisen blei det andreplass til LingoBrett UB frå Vinstra vidaregåande skule - vi gratulerer! Prisen blei delt ut av landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.
"Plassen går til en ungdomsbedrift som ivaretar lokale særpreg og tradisjoner på en nyskapende og engasjerende måte. Ungdomsbedriften har et stort potensiale for vekst og utvikling."
Sterkt NM-lag frå Innlandet
Innlandets NM-delegasjon var LingoBrett UB frå Vinstra vgs, Gravstell UB frå Øvrebyen vgs, Lettvint UB frå Dokka vgs, Sirkulærdesign UB frå Nord-Østerdal vgs og Threadsavers UB frå Hamar katedralskole. Dei fem bedriftene kvalifiserte seg til NM gjennom gode resultat på Fylkesmesterskapet i Innlandet.
LingoBrett UB har utvikla Heidalsspelet, eit brettspel der du lærer dialekt gjennom spørsmål, oppgåver og kreative utfordringar.
Gravstell UB tilbyr tenestene sine til folk som ikkje sjølve har kapasitet til å stelle gravene til sine kjære.
Threadsavers UB bidrar til ein mer berekraftig moteindustri og tilbyr reparasjon og redesign, samt nye produkt laget av gjenbrukstekstilar.
Lettvint UB tilbyr bagar produsert av markisestoff, med ein lukkemekanisme som held varene på plass.
Sirkulærdesign UB tilbyr tømrartenester og produserer runde grillbord med integrert bålpanne.
LingoBrett UB var den einaste frå Innlandet som fikk pris i år, men to av bedriftene var nominerte i kvar sin kategori, altså blant topp 7: Sirkulærdesign UB var nominert i Beste salgsbedrift og Lettvint UB var nominert i Beste HR-bedrift.

Besøk på Stortinget
I forkant av NM Ungdomsbedrift var vi på besøk på Stortinget saman med to av ungdomsbedriftene frå Innlandet; LingoBrett UB og Gravstell UB. Elevane fikk helse på stortingspresident Masud Gharahkhani, som faktisk sjølv har hatt ungdomsbedrift! På denne delen av besøket deltok også ungdomsbedrifter frå Buskerud, Trøndelag og Rogaland. Stortingspresidenten delte historier og erfaringar og poengterte kor viktig det er å verne om demokratiet vårt.
Etter samtalen med stortingspresidenten møtte Innlandets delegasjon stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand, som også tok oss med på ei omvising i den ærverdige stortingsbygninga.
Til slutt fikk elevane også helse på stortingsrepresentantane Rune Støstad og Kari-Anne Jønnes.



Trawl Tech UB er Norges beste ungdomsbedrift!
