Kategorier og kriterier

Det blir fem konkurransar på årets elevbedriftsmesse. Juryane gjennomfører samtale/intervju med elevbedriftene på stand.

  1. Beste elevbedrift
  2. Beste team
  3. Beste kundeoppleving
  4. Beste grønne entreprenør
  5. "Spis#MerAv"-prisen

1. Beste elevbedrift

Juryen vil legge vekt på følgande:

  • Elevane har gode kunnskapar om produktet og eventuelle konkurrentar i marknaden.
  • Elevbedrifta har marknadsført seg på ein god og tydelig måte.
  • Elevbedrifta framstår som eitt team, og med tydelig ansvarsfordeling.
  • Elevbedrifta har god kunnskap om dei ulike fasane i å drive elevbedrift.
  • Elevane er bevisste på kva dei har lært av å drive elevbedrift.
  • Elevbedrifta har god orden i økonomien sin.
  • Elevbedrifta har arbeidd med eitt eller fleire bærekraftsmål.

2. Beste team

Juryen vil legge vekt på følgande:

  • Oppgåver er fordelt ut frå talent, eigenskapar og ynskjer om personlig utvikling.
  • Teamet reflekterer godt om korleis dei har fungert saman, og har sett i verk tiltak for å utvikle godt samarbeid og arbeidsmiljø.
  • Teamet reflekterer rundt kva dei har lært gjennom samarbeidet i elevbedrifta.

3. Beste kundeoppleving

Prisen går til den elevbedrifta som gir ei god oppleving til besøkande, med følgande kriterium:

  • Salgs- og presentasjonsteknikk, produktkunnskap og samspel.
  • Serviceinnstilling overfor kundane.
  • Marknads- og standmateriell er utforma på ein bærekraftig måte, med tanke på gjenbruk og ombruk.
  • Korleis ser utstillinga ut, kva inntrykk får vi av bedrifta gjennom utstillinga, samsvar mellom utstilling og forretningsidé.

4. Beste grønne entreprenør

Juryen vil legge vekt på følgande:

  • Elevbedrifta har utvikla nyskapande produkt (varer/tenester) som bidrar til bærekraftig utvikling gjennom eit meir bærekraftig forbruk.
  • Elevbedrifta har ein marknad for produkta sine.
  • Elevbedrifta bidrar til å løyse eitt eller fleire av FNs bærekraftsmål.

5. «Spis#MerAv»-prisen

Juryen vil legge vekt på følgande:

  • Elevbedrifta tilbyr produkt (varer/tenester) som bidrar til at fleire vel å spise #MerAvGrovtGrøntogBlått, og viser korleis dette heng saman med kostråda. Dette kriteriet blir mest vektlagt.
  • Elevbedrifta har ein marknad for produkta sine, og bidrar til matglede med vekt på smak, trivsel og sosialt fellesskap.
  • Elevbedrifta kan forklare kva for bærekraftige vurderingar og tiltak dei har gjort.
  • Elevbedrifta har fokus på nyskaping og kreativitet.