SitSmart UB - Årdal vidaregåande skule

Sit Smart UB team
Sit Smart UB logo
Sit Smart UB produkt

Vi vil gje innbyggjarar og besøkande i Årdal gratis internett med god kvalitet i område som parkar, møteplassar, hamner, turistområde og liknande. Dette vil vi gjere gjennom å designe og produsere WIFI-benkar. Desse blir laga av lokale produkt, i samarbeid med lokale bedrifter og kommunen. Vi ønsker å bruke grøne løysingar som solceller og resirkulerbare materialer som aluminium i produksjonen. Vi vil at benken skal ha WIFI og ladepunkt for mobile einingar.

SitSmart UB representerer Vestland fylke under NM for Ungdomsbedrifter 2021 i kategorien "Beste samarbeid med næringslivet "


Her kan du sjå videopitchen som bedrifta har laga i samband med NM deltakinga.


Ungdomsbedrifta høyrer heime på Årdal vidaregåande skule heilt innerst i Sognefjorden, og medlemmane i bedrifta er alle elevar på elektrofag.


Deltakarane i bedrifta er: Marcus Sørensen (dagleg leiar), Martin Yttri, Wilken Karlsen, Erik Skinlo, Andreas Nesse, Magnus Ramberg

Kontaktinfo til dagleg leiar Marcus Sørensen: Hillegaard@outlook.com Tlf. 95094830


Ansvarleg lærar for bedrifta er Bjørg Venjum: bjorg.ellingsdotter.venjum@vlfk.no Tlf. 917 88 830

Sitsmart UB på Facebook

Kontakt Ungt Entreprenørskap Vestland for meir informasjon:

Eivind Husabø, rådgjevar

eivind.husabo@ue.no

Tlf 415 30 660