Bærekraftig Moro UB

Bærekraftig moro UB er ein ungdomsbedrift frå Sogndal vidaregåande skule. Bedrifta består av tre elevar som går på Barne- og Ungdomsarbeidarfaget. Deira mål er å lære barn og unge om FNs berekraftsmål på ein enkel og kjekk måte, ved å skape eit kortspel som også informerar om berekraftsmåla.

FNs berekraftsmål er verdens felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motverke ulikheit og stoppe klimaendringane innan 2030. Som elevar på barne- og ungdomsarbeidarfaget bestemte Bærekraftig moro UB seg tidleg for at dei ville lage eit innovativt produkt for barn som ga dei kunnskap om berekraftsmåla. Arbeidet med idémyldring starta allereie i september, og i november var prototypen på det som har blitt kortspelet "Bærekraftig moro" klart. Kortspelet er inspirert frå det kjente spelet "Svarteper" der innholdet og formen er endra til å vise berekraftsmåla, og ein spele om å ikkje bli sitjande att med den "Brennande Kloden". Målgruppa var born frå 3-4 år og oppover. Spelet blei så testa ut i barnehage under praksis, og blant foreldre og vennar, som alle meinte spelet var kjekt og enkelt å forstå.

Salet har gåttt bra og etterspørselen har vore høg. Aktørar som Vestland fylkeskommune, NELFO, bibliotek og barnehager har kjøpt produktet. Bærekraftig moro UB deltok under fylkesmesterskapet i Førde 21. mars, og det blei eit prisdryss til bedriften som vann heile seks kategoriar dei deltok i. Dette inkluderte den gjevaste prisen, som gav dei gullbilletten til NM: "Beste Ungdomsbedrift".

"Året med ungdomsbedrift har vore veldig kjekt, interessant og lærerikt. Me har lært alt i frå korleis ein kjem fram til ein idé, vidareutvikling av ideen og få eit produkt me er fornøgd med. [...] Noko av det viktigaste me har lært er å samarbeide, samhandle og kommunisere"
Bærekraftig moro

Ungomsbedriften deltek i følgjande konkurranser i NM:

  • Beste yrkesfaglige bedrift
  • Beste bærekraftige stand
  • Bærekraftprisen
  • Beste innovative vare/tjeneste
  • Størst verdiskapingspotensial
  • Beste ungdomsbedrift


Deltakarar i bedriften:

Åshild Davidsen Fimreite
Inga Einevoll Fimreite
Oda Bertine Bondevik Lie


Kontaktpersoner:

Åshild Davidsen Fimreite, dagleg leiar
aashild.d.fimreite@gmail.com / 45185110

Oda Løken Sunde, lærar
oda.loken.sunde@vlfk.no / 97431145

Knut Bordal, UE Vestland
knut.bordal@ue.no / 91144505


Sjekk ut Bærekraftig Moro på Instagram:


TRAN7824
Bilde kortstokk Baerekratig moro UB
GRUPPEBILDE med t skjorter