El Gründer UB - Tryggheim Vidaregåande skule

El Gründer UB er ei bedrift frå Tryggheim Vidaregåande skule i Rogaland. Bedrifta består av 6 engasjerte ungdommar på vg2 frå linjene elenergi og ekom og datateknologi og elektronikk, som har kome med eit nytt og innovativt produkt retta mot å hjelpe bønder i kvardagen deira. Dei skal representerer Rogaland i konkurransane:

  • Beste regnskap
  • Beste yrkesfaglige bedrift
  • Innovasjonsprisen – i samarbeid med Virke
  • Størst verdiskapingspotensial – i samarbeid med Ferd

El Gründer UB er ei ungdomsbedrift som lagar sensorpakkar som skal måle jordfeil og eventuelt straumbrot på straumgjerde og gje beskjed til bonden om feilen og kvar feilen har skjedd. Då kan bonden raskt og enkelt reise til staden feilen har oppstått, og ordne feilen. Idéen fekk dei frå ein lærar på elektro som bur på gard og fortalte om som fortalde at ho hadde problem med jordfeil på gjerdet og brukte mykje tid på å finne og ordne opp i feilen. Snorre og Vegard i bedriften kunne bekrefte at dei i avløysararbeidet deira kunne kjenne seg igjen i dette. Dei fant ut at dei hadde lyst til å kome med ei rimeleg løysing. Medan bedrifta er basert på Jæren har det å skape eit betre og enklare liv for bonden vore eit stort fokus i bedrifta.

På fylkesmesterskapen fekk dei:

  • 1. plass i Størst verdiskapingspotensiale.
  • 1. plass i Innovasjon.
  • 2. plass i Beste ungdomsbedrift.
  • 3. plass i Beste yrkesfaglege ungdomsbedrift.
"Me kan ikkje fastslå at me har blitt rike, friske og lykkelege av å drive ungdomsbedrift, men me har fått viktig lærdom for livet og næringslivet."
El Gründer

Eigarar

Dagleg leiar: Arne Espevik, Time Kommune

Økonomileiar: Samson Aleksander Økland , Kristiansand kommune

Logistikkansvarleg: Filip M. Aase, Modum kommune

Produktansvarleg: Tord Hegre, Sirdal kommune.

HR-leiar: Snorre Varhaug, Hå kommune

Marknadsansvarleg: Vegard Bjørheim, Randaberg kommune

Kontaktpersoner:

Dagleg leiar: Arne Espevik, arnesp4@gmail.com, 909 70 522

Ansvarleg lærar: Knut Handeland, khandeland@tryggheim.no, 992 77 409

Kontaktperson Ungt Entreprenørskap: Hege Solhaug, hege.solhaug@ue.no, 994 40 109

Bilde1
Bilde2
Bilde3
Bilde4
Bilde5