Medvirkningshuben SB er blitt Medvirkningshuben AS
Medvirkningshuben SB
Sunniva Bakke og Tord Ingulfsen var med å starta Medvirkningshub’en Studentbedrift ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) campus Bergen i november 2022.
Sunniva er utdanna sosionom med master i samfunnsarbeid, og Tord har same master som Sunniva.
Medvikningshuben var ei studentbedrift som leverte medverknadsprosessar, workshops og evalueringsarbeid innan by og nærmiljøutvikling. Idéen vart unnfanga i eit møte mellom studentar og Bymiljøetaten i Bergen. I desse møtene fekk Tord den oppfatning at når det kom til utbygging av parkar og liknande i Bergensområdet så var det stort potensiale når det gjaldt medverknad. Dette var også tankar som Tord hadde gjort seg gjennom oppveksten i Bergen. Sunniva fortel at dei gjennom masteren i samfunnsarbeid vart inviterte inn til å vere med i ulike prosjekt der studentane skulle gjennomføre medverknadsprosessar. Då observerte dei at desse prosessane ikkje alltid var veldig gode, verken i privat eller offentleg sektor. Dei to studentane tenkte at her var det muligheiter for å få brukt eigen kompetanse for å skape gode medverknadsprosessar for brukarane. Samtidig oppdaga dei emnet «Innovasjon, studentbedrift og berekraft» ved HVL der det å etablere og drive studentbedrift er ein sentral del av emnet. Dei søkte seg inn på emnet og etter kort tid såg studentbedrifta Medvirkningshuben SB dagens lys.
Dei to studentane fekk god rettleiing frå fagpersonar både i og utanfor HVL systemet og etter ein haust med førebuingar var det på tide å få tenesta ut i marknaden. Det å legge til rette for gode medverknadsprosessar er krevjande. Fyrst og fremst må ein bli einig med kunden om kva som er målet med prosessen. Deretter må ein ut å gjere feltarbeid gjennom kvalitative og kvantitative undersøkingar for til slutt bli einig med kunden om korleis ein kan bruke datamaterialet vidare. Vi syns dette er ein viktig del av arealplanlegging og utvikling på den måten at vi involverer dei som skal bruke dei ulike områda, seier dei to medarbeidarane i bedrifta.
Når Medvirkningshuben SB vart avvikla våren 2023 valgte studentane å ta det vidare som eit aksjeselskap. På spørsmål om kvifor dei gjorde det så svarer dei at gjennom studentbedrifta har dei tent ein god del pengar, og den beste investeringa av desse midlane meinte dei var å starte eige AS. Med utgangspunkt i interesse og etterspørsel etter tenestene som dei etablerte i studentbedrifta så såg dei behovet for eit selskap som kunne vidareføre dette arbeidet. Den typiske kunden til Medvirkningshuben er ulike etatar i kommunen, frivillige lag og organisasjonar, private bedrifter, entreprenørar og andre som ynsker å styrke bindeleddet mellom aktørar og innbyggarar i lokalsamfunnet.
Sunniva og Tord fortel at det å ha vore gjennom programmet studentbedrift i Ungt Entreprenørskap var heilt avgjerande for at dei i det heile tatt kunne få etablert sitt eige aksjeselskap. Idéen om å starte opp eigen bedrift med denne typen tenester vart etablert lenge før dei etablerte studentbedrifta, men det var når dei etablerte SB at det verkeleg vart fart i sakene. Sunniva uttaler at dei var trygge på sin eigen kompetanse innanfor fagfeltet medverknad, men mangelen på kompetanse når det kjem til etablering av bedrift var stor. Difor var det veldig nyttig å få prøve det ut under trygge og ufarlege rammer i studentbedrift. Det var også svært nyttig å få rettleiing frå profesjonelle folk undervegs i prosessen med SB. Hadde det ikkje vore for det så hadde vi nok famla mykje i blinde dersom vi skulle ha prøvd oss heilt på eigen hand. Det var også veldig nyttig for oss å bli utfordra litt på eigen forretningsidé gjennom studentbedriftsemnet. Det å få analysert idéen, og få tilbakemelding frå både medstudentar og profesjonelle forretningsutviklarar var veldig nyttig for oss.
Medvirkningshuben AS har absolutt ei framtid seier Tord. Vi bygger no stein på stein og vi ser at det er ein større marknad for eksempel i Oslo. Så vi er stadig på leit etter nye prosjekt fortel han. Vi merkar oss at det offentlege blir flinkare og flinkare på denne typen prosessar, så det kjem høgare opp på agendaen, seier Sunniva. Ho legg til at dette med sosial berekraft er i vinden for tida, og då er medverknad ein sentral faktor. Dei to gründerane avsluttar med at dei no ser fram til eit travelt år med mange nye oppdrag der dei bidreg til å skape gode medverknadsprosessar mellom utbyggarar og brukarar av ulike tenester i lokalsamfunn rundt om i Bergen og kanskje også resten i landet. Vi kan ikkje anna enn å ynskje dei lykke til.