Syretest for ungdomsbedrifter i Sogn og Fjordane


Ungt Entreprenørskap Vestland inviterer til syretest for ungdomsbedrifter i Sogn og Fjordane 2020/2021. Syretest er ein uformell prat om di ungdomsbedrift der du får tilbakemeldingar og gode råd for vidare framdrift for å få ei endå bedre ungdomsbedrift. På syretesten vil du få møte eit panel av erfarne forretningsutviklarar. Vi startar med ein presentasjon av di ungdomsbedrift, og deretter vil panelet få høve til å stille spørsmål rundt ungdomsbedrifta. Det heile blir oppsummert med gode råd og vink for korleis de kan utvikle ungdomsbedrifta vidare. Syretesten blir gjennomført på digital plattform. Kvar ungdomsbedrift vil få tildelt max. 20 minuttar til presentasjon, spørsmål og oppfølging.

Meld deg på her
Påmeldingsfrist 28.oktober