Entreprenørskapsmesse i Sogn 26.april 2022

For å bli med på den individuelle konkurransen på messedagen 26. april

Årets Sognemesse vil gå føre seg fysisk i Luster.

Hovudmålet er å presentere entreprenørskapsarbeid for alle 8. klassane i regionen, der dei får sjå og lære av elevbedrifter frå 9. klasse.

Regionmesterskap elevbedrift Vestland

Registrering

Elevbedrifter registrerer seg på denne lenka: www.perikum.no. Frist: 29. mars kl.23.00.

Alle elevbedrifter må vera registrerte. Ta kontakt med Fredrik Jarstadmarken på e-post Fredrik.jarstadmarken@ue.no om det trengst hjelp.

Påmelding

Det vert lagt opp til at skulane kårar eigne vinnarar som skal representere skulen/ kommunen vidare i konkurranse med dei andre skulane i Sogn. Det er inntil 30 elevbedrifter som får presentere seg på messedagen. Skulane melder på elevbedrifter i prioritert rekkefølgje. Alle skular vil bli representerte. Arrangørgruppa vil velje ut dei elevbedriftene som får presentere seg med utgangspunkt i å vise eit breiast mogleg mangfald i elevbedriftene.

Fristen for påmelding er veke 9 – seinast fredag 4. mars 2022. Lenke for innsending av video og påmelding finn dykk her.

Det er fint om det blir lagt ved bilete av bedrifta (medlemene og produkta), men dette er frivillig.

Videoproduksjon

Elevbedriftene produserer ein video på 3 minuttar med presentasjon av bedrifta og arbeidet. Frist for å sende videoen er tysdag 29.03.2022 kl. 23.00. Det er ønskeleg at elevane lastar opp videoen på Youtube, men dei som ikkje ønskjer dette kan sende via www.wetransfer.com til Fredrik.jarstadmarken@ue.no.

Innlevering av Youtubevideo.

Bedriftene blir kontakta for intervju i forkant av messa. Dette blir gjort av ein jury samansett av personar frå privat og offentleg næringsliv. Juryen ser på videoane før intervjua av elevbedriftene. Intervjua blir gjennomførde digitalt 6. april 2022 og er meint som grunnlag for kåringa og som læring for medlemene i bedrifta. Vi vil avtale tidspunkt for intervjua med dei ulike skulane, men dato er fastsett.

Stand

Elevane vil også få besøk av juryen på stand. Det betyr at elevane som skal stille ut bedrifta si på messa må førebu ein stand. Ungt entreprenørskap stiller med bord og messevegg. Her er det viktig å presentere bedrifta ved å nytta marknadsføringsmateriale som til dømes palaktar, brosjyrer, logo, bileter og produkt som er produsert.

Premie

Det blir premie i form av pizza til klassen og diplom til vinnarbedriftene i alle kategoriane.

Elevbedriftene som melder seg på blir automatisk med i alle kategoriane.