Entreprenørskapsmesse i Sogn 25.april 2023
Ungt Entreprenørskap Vestland, Sogn regionråd og Vik Kommune inviterer til entreprenørskapsmesse 25.april.
Video leveres inn seperat.
Årets Sognemesse vil gå føre seg fysisk i Vik.
Hovudmålet er å presentere entreprenørskapsarbeid for alle 8. klassane i regionen, der dei får sjå og lære av elevbedrifter frå 9. klasse. I tillegg er målet at elevane skal få kjennskap til regionalt arbeids og næringsliv gjennom bedriftsbesøk og foredrag med ein lokal gründer.
Viktige datoer:
- Registrere elevbedriften i Perikum. Snarast
- Skulen melder på bedrifter i prioritert rekkefølgje. 3.mars
- Frist for å sende inn video. 20.mars
- Digitalt intervju. 12.april
- Fysisk messe. 25.april
Konkurransekriterium:
1. Beste elevbedrift
Elevbedrifta har eit godt produkt (vare/teneste) ... har god kunnskap om sitt eige produkt og ønska målgruppe ... har marknadsført seg på ein god og tydeleg måte ... syner god kunnskap om det å drive ei elevbedrift og er bevisste på kva dei har lært undervegs ... står fram som eit samla team, og med tydeleg rollefordeling ... har god orden i økonomien sin.
2. Beste nærmiljø/lokalsamfunnsprosjekt
Elevbedrifta ... ... tek utgangspunkt i nærmiljø/lokalsamfunnet ... kjem innbyggjarane til nytte ... har dekka eit lokalt behov.
3. Beste produkt (varer/tenester)
Elevbedrifta ... ... har ein innovativ og nyskapande ide ... har ein gjennomførbar ide ... har ei tydeleg målgruppe og har undersøkt behovet for produktet i forkant ... kan fortelje om korleis dei kom fram til produktet (vara/tenesta) og syner kunnskap og stoltheit kring eige produkt.
4. Berekraftsprisen
Elevbedrifta ... ... set med sitt produkt fokus på, eller er med å løyse, ei eller fleire berekraftsutfordringar ... kan syne til ei eller fleire av FN sine berekraftsmål, som dei jobbar etter ... kan reflektere over miljø-, sosial og kulturell- og økonomisk dimensjon av berekraftig utvikling.
5. Beste stand
Elevbedrifta ... ... syner eit godt estetisk uttrykk og utforming av stand ... tek i mot juryen og publikum på ein god måte gjennom personleg uttrykk, formidlingsevne og munnleg presentasjon ... har målretta fysiske eller digitale marknadsføringsartiklar som til dømes brosjyrar, plakatar, give-aways osv. Bruk kreativiteten!
6. Beste salsbedrift
Elevbedrifta ... ... har hatt eit godt sal og syner god økonomisk styring ... tek i mot juryen og publikum på ein god måte, der dei framstår som gode seljarar og ambassadørar for elevbedrifta si.
7. Beste video
Elevbedrifta ... ... fokuserer gjennom sin video på kvifor deira produkt (vare/teneste) er bra, og formidlar dette på ein god og overtydande måte ... skapar engasjement, interesse og nysgjerrigheit gjennom videoen ... formidlar kreativitet og orginalitet ... syner god teknisk og digital kompetanse.
Registrering
Elevbedrifter registrerer seg på denne lenka: www.perikum.no.
Alle elevbedrifter må vera registrerte. Ta kontakt med Fredrik Jarstadmarken på e-post Fredrik.jarstadmarken@ue.no eller telefon 950 99 633 om det trengst hjelp.
Påmelding
Det vert lagt opp til at skulane kårar eigne vinnarar som skal representere skulen/ kommunen vidare i konkurranse med dei andre skulane i Sogn. Det er inntil 30 elevbedrifter som får presentere seg på messedagen. Skulane melder på elevbedrifter i prioritert rekkefølgje. Alle skular vil bli representerte. Arrangørgruppa vil velje ut dei elevbedriftene som får presentere seg med utgangspunkt i å vise eit breiast mogleg mangfald i elevbedriftene.
Fristen for påmelding er 3.mars.
Det er fint om det blir lagt ved bilete av bedrifta (medlemene og produkta), men dette er frivillig.
Videoproduksjon
Elevbedriftene produserer ein video på 3 minuttar med presentasjon av bedrifta og arbeidet. Frist for å sende videoen er 20.mars. Det er ønskeleg at elevane lastar opp gjennom Wetransfer.
1. Trykk på "..."

2. Velg "Få overføringskobling"

3. Legg kobling ved i Innlevering av video
Bedriftene blir kontakta for intervju i forkant av messa. Dette blir gjort av ein jury samansett av personar frå privat og offentleg næringsliv. Juryen ser på videoane før intervjua av elevbedriftene. Intervjua blir gjennomførde digitalt 12.april og er meint som grunnlag for kåringa og som læring for medlemene i bedrifta. Vi vil avtale tidspunkt for intervjua med dei ulike skulane, men dato er fastsett.
Stand
Elevane vil også få besøk av juryen på stand. Det betyr at elevane som skal stille ut bedrifta si på messa må førebu ein stand. Arrangør stiller med bord og messevegg. Her er det viktig å presentere bedrifta ved å nytta marknadsføringsmateriale som til dømes palaktar, brosjyrer, logo, bileter og produkt som er produsert.
Premie
Det blir premie i form av pizza til klassen og diplom til vinnarbedriftene i alle kategoriane.
Elevbedriftene som melder seg på blir automatisk med i alle kategoriane.
Informasjonsbrev

