Informasjon og påmelding

Elevbedriftsmesse Førde 2023

Onsdag 22.mars inviterer vi til årets entreprenørskapsmesse i Førdehuset.

Vi inviterer entreprenørskapsungdom til å vise fram sine elevbedrifter, og delta i tevlinga om å bli årets Elevbedrift.

Det også mogleg for elevar, foreldre og lærarar som ikkje har elevbedrift til å komme og sjå, for å lære og for å få inspirasjon til å arbeide med elevbedrifter.

NB! Alle elevbedrifter som deltek må vere registrert i perikum.

Påmeldingsfrist er 24 februar. Påmeldingsskjema er nederst på siden.

Stand – Utstilling av elevbedrifter

Når de kjem til messa må de registrere dykk i sekretariatet. Der er det og representantar frå UE som vil hjelpe dykk på plass og hjelpe dykk med praktiske problem som måtte oppstå.

Kvar elevbedrift som deltar på messa vil bli tildelt ein stand, ein stad der de kan vise fram bedriftene eller prosjekta dykkar. Kvar elevbedrift vil få eit bord og litt veggplass. Treng de mykje plass må de melde tilbake kva de har behov for. Vi prøvar å legge til rette for at alle får straum på sin stand. Kan likevel vere lurt å ta med ein ekstra kabel. Det er viktig at de planlegg dette nøye på førehand slik at det går fort å få opp utstillingane.

Det vert premiering i ulike klassar.

Ved årets messe vert det premiert i desse klassane:

  1. Beste stand / utstilling / marknadsføringstiltak
  2. Beste teneste / produkt
  3. Beste lokalsamfunssprosjekt
  4. Beste elevbedrift
  5. Bærekraftprisen

Vi har ekstra fokus på berekraftige elevbedrifter i år, og denne prisen vil difor bli markert særskilt på premieutdelinga.

For å melde elevbedrifta eller ideen din på messa, fylgjer du linken under her. Då melder du deg samstundes på ein eller fleire av klassane du kan konkurrere i.

NB! Frist for å melde seg på er torsdag 24. februar.

I tillegg til påmeldinga ber vi alle elevbedriftene sende ein liten videopresentasjon av bedrifta. Denne skal vere max 2 minutt og innehalde litt om ideen, kor de kjem frå, kven som arbeider i bedrifta og resultat og kva de har lært av dette arbeidet. Videoen lastast opp på youtube, og lenken registreres i dette skjemaet


Det er ikkje kostnadar ved å delta på messa, men skulane må ordne transport sjølve.

For eventuelle reisetilskot ta kontakt med holger.aasen@ue.no.

Dersom det er informasjon som er uklår eller dersom de har spørsmål er det berre å ta kontakt. I tida fram mot messa arbeidar vi med å kvalitetssikre messa for å gjere dette til ei positiv oppleving for de som arbeidar med elevbedrifter og entreprenørskap i grunnskulen. Veit de om prosjekt som hadde vore fine å stille ut er det kjekt å få tips om desse.

Meir informasjon vert sendt ut etter at påmeldingsfristen har gått ut, så difor er det viktig at dykk følgjer nøye med på både e-post og våre nettsider. I tillegg til informasjon vil det også ligge ulike tips på heimesida vår, som kan vere nyttig å lese med tanke på utstilling, stand og presentasjonar under messa.

Vi ber dei som skal delta i konkurransane om å lese konkurransekriteria nøye.



Spørsmål rettast til Holger Aasen

Holger2
Holger Aasen
Nestleiar

VI GJER MERKSAM PÅ AT OPPDATERINGAR OG ENDRINGAR AV PROGRAMMET KAN KOMME SÅ VI OPPMODAR ALLE OM Å FØLGJE MED PÅ E-POST OG VÅRE NETTSIDER FRAM I MOT MESSA !