Freezeorganizer SB - Fagskulen i Sogn og Fjordane avd. Førde

Freezeorganizer SB

Freezeorganizer team
Freezeorganizer logo

Freezeorganizer SB representerer Vestland fylke under NM for studentbedrifter 2021 og deltek i kategoriane Beste studentbedrift, Beste næringslivssamarbeid og beste HR bedrift

Som dei fleste kjenner til kan det å holde orden i fryseboksen vere ei utfordring. Etterkvart som ein hentar ut ting frå fryseboksen så flyttar ein fram og tilbake på dei store tinga og dei små frysevarene sklir lengre og lengre ned i fryseboksen. Det er svært vanskeleg å holde oversikten over kva ein faktisk har av frysevarer og i mange tilfelle vil ein kjøpe nytt i staden for å ta belastninga med å leite gjennom fryseboksen etter det ein har bruk for.

Dette har Freezeorganizer SB gjort noko med. Freezeorganizer er eit hyllesystem som ein kan sette opp i fryseboksen. Hyllesystemet er fleksibelt og lar seg heve og senke i fryseboksen slik at hyllene blir lett tilgjengelege. Ved hjelp av Freezeorganizer får du ein lettare kvardag samtidig som hyllesystemet vil vere med å redusere matsvinn.

Deltakarane i bedrifta er: Morten Kvam (dagleg leiar), Mats Dvergsdal og Rolf Thingvold

Kontaktinfo til dagleg leiar Morten Kvam er: kvam@gtbilas.no Tlf. 970 35 455

Freezeorganizer SB på Facebook

Forelesar for Freezeorganizer SB er Eivind Husabø

Kontakt Ungt Entreprenørskap Vestland for meir informasjon:

Eivind Husabø, rådgjevar universitet/høgskule

Tlf. 415 30 660

E-post: eivind.husabo@ue.no