Elevar frå Sogndal vgs vann "Energi for framtida innovasjonscamp"

Sogn og Fjordane · 25 nov 2015

Elevar frå Sogndal vgs vann "Energi for framtida innovasjonscamp"

Vinnarlaget frå Sogndal vgs saman med to av jurymedlemmane frå Sognekraft : John Kroken (t.v.) og Terje Anton Gudmundsson (t.h.)

Tirsdag 24. november konkurrerte 216 elevar frå 7 vidaregåande skular i fylket om å bli best på fornybar energi. 4 elevar frå Sogndal vgs stakk av med seieren. 

Dei 4 elevane skal representere Sogn og Fjordane på den nasjonale "Energi for framtida" innovasjonscampen som går av stabelen i Trondheim 8. - 10. februar 2016. Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane lovar dei eit spennande opphald med godt fagleg utbytte. 

Ideen til elevane frå Sogndal gjekk ut på ei trådlaus lading av ferjer ved å plassere vassbøyler ute i sjøen.   

Vassbøyler

Bildet viser konseptet til elevane frå Sogndal vgs med vassbøyler ute i sjøen som skal syte for opplading av ferjer via elektromagnetiske felt. Elevane har døypt konseptet "Hydro Charge". Dei ser også føre seg ei forbetring av konseptet på sikt med solceller og superleiarar. 

På 2. plass kom eit av laga frå Firda vgs. Idéen deira gjekk ut på å lage ein miljø-app som gjer det meste for å hjelpe deg med å bli miljøvenleg. Blant anna scannar den for å finne ut type embalasje, den har eit varslingssystem for søppeltømming. App'en held deg oppdatert på informasjon om miljø og klima i tillegg til ei rekkje artige funksjonar som Quiz og konkurransar. 

Vi ynskjer laget frå Sogndal god tur og lykke til i Trondheim.