9 nye ungdomsbedrifter på ein dag

Sogn og Fjordane · 9 des 2015

9 nye ungdomsbedrifter på ein dag

Den 8. desember vart det registrert 9 nye ungdomsbedrifter på ein og same dag ved Stryn vgs. Åtte av bedriftene er heimehøyrande på bygg og anleggsteknikk, den 9. bedrifta vart registrert på service og samferdsel.

Bedriftene på bygg og anleggsteknikk skal blant anna levere små byggeoppdrag til lokalbefolkninga i Stryn og omegn. Ei av bedriftene skal bygge garasjar. Bedrifta på service og samferdsel skal produsere og selge sylteflesk. 

Lærarane på Stryn vgs uttalte at det å starte eiga bedrift er god læring for elevane både i høve til det å ta ansvar for eigen arbeidssituasjon i framtida og ikkje minst  med tanke på å lære om bedriftsetablering og alt som høyrer med til det å drive eiga bedrift. 

Dei 9 bedriftene er :

Bare Bygg UB - små byggeoppdrag for privatpersonar

Brøyt og nybygg UB - bygging av garasjer og små hytter

Egil T. Bygg og Betong UB - bygging av små hytter og boder

H.A.V.A UB - Diverse snekkar arbeid 

Jutedalen Bygg UB - totalenterprise på garasje

K.R.H Bygg, anlegg og betong UB - hyttebygging og diverse

Mix UB - produksjon og salg av sylteflesk

Tonning Tømmer og Betong UB - hyttebygging for lokalbefolkninga

UB Klassebygg - ulike byggeoppdrag i Stryn

Vi ynskjer ungdomsbedriftene lykke til med arbeidet.