God innsats på NM for ungdomsbedrifter

Oppland · 5 mai 2015

God innsats på NM for ungdomsbedrifter

Mudball UB og Close it UB frå Hadeland vgs

Fem ungdomsbedrifter frå Oppland deltok på NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm 29.-30. april. Close it UB frå Hadeland vgs kunne juble for andreplass i kategorien Beste forretningsplan.

NM for ungdomsbedrifter samla 158 ungdomsbedrifter frå heile landet til to dagar med utstilling, nettverksbygging og kåring av prisvinnarar i 16 kategoriar. 

Oppland deltok med Aim Media UB og Ma belle maison UB frå Gausdal vgs, Mudball UB og Close it UB frå Hadeland vgs og New You UB frå Gjøvik vgs. Alle gjorde ein strålande innsats og kunne reise heim mange erfaringar rikare. I kampen om prisane var nivået svært høgt, og gleda var derfor stor då Close it UB kunne dra i land andreplassen i Beste forretningsplan.

Oversikt over prisvinnarane finn du her.

Aim Media UB på stand

Aim Media UB på sin stand på NM. Aim Media UB tilbyr tenester innan grafisk design og foto.

IMG_4912

Mudball UB hadde lagt grus inn på standen sin, for å kunne vise produktet på best mulig måte. Mudball er ein liten ball som kan delast i to, slik at den blir til ei skrape og ei børste. Med dette produktet blir det enkelt å fjerne stein, støv og gjørme frå skoa.

Mudball UB utsolgt

Mudball var eit populært produkt på NM!

New You UB på stand2

Hudpleiebedrifta New You UB hadde mange besøk på standen.

IMG_4926

Mange fornøgde kundar på standen til New You UB.

Ma belle maison UB_NM_2015

Ma belle maison UB med sine flotte interiørprodukt.

NM_UB_vinner_instagramkonkurranse_aimmedia_2015

Aim Media UB vann Instagram-konkurransen på NM med dette bildet.