Trashlock UB gjorde ein flott innsats i EM for Ungdomsbedrifter

Møre og Romsdal · 2 aug 2015

Trashlock UB på stand. Frå venstre ser vi Kornelius Bjørge, Mathias Tørlen, Iver Myklebust, Glenn-Andre Flusund og Vegard Hansen.

Trashlock UB på stand. Frå venstre ser vi Kornelius Bjørge, Mathias Tørlen, Iver Myklebust, Glenn-Andre Flusund og Vegard Hansen.

Trashlock UB frå Spjelkavik vidareåande skule representerte Norge under  EM for undomsbedrifter i Berlin.

EM i Ungdomsbedrifter
Trashlock UB frå Spjelkavik vidareåande skule representerte Norge under  EM for undomsbedrifter i Berlin. Ungdomsbedrifta gjorde ein fantastisk innsats i løpet av den tre dager lange EM-konkurransen.  

Trashlock UB var igjennom panelintervju, presentasjon på stor scene, stand og standintervju.
Det var vertskapslandet Tyskland som tok 1. plassen, med Latvia og Israel på 2. og 3. plass.

Sjølv om Trachlock UB ikkje nådde heilt opp i den tøffe konkurransen,  representerte dei Norge på ein framifrå god måte. Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal er stolte av Trashlock UB sin flotte innsats.