Studiestaden Volda skal bli meir attraktiv

Møre og Romsdal · 9 juni 2016

Bildetekst: Vinnargruppa «Studentlandsbyen».

I løpet av to dagar med innovasjonscamp  ved Høgskulen i Volda vart  elevane ved Volda vgs.  utfordra på kva som kan gjerast for å gjere Høgskulen meir attraktiv og kjent som studiestad  for framtidige studentar.

Elevane kom med mange gode idèar som app’er, festivalar m.m.  Alle idèane vart drøfta med fleire lokale rettleiarar.

     Juryen kåra 1. plassen til elevgruppa som kalla seg «Studentlandsbyen».  Gruppa vil skape ein landsby der det vert lagt til rette for og satsa på betre samhald mellom studentane. Her skal studentane bli ein del av eit fellesskap, der dei kan jobbe saman, studere saman og ha det kjekt saman. Designet på studentboligane skal  gi  studentane storbyfølelse. 

- Denne idèen er innovativ, ny  og vil løfte heile Høgskulen som studiestad,  grunnga  juryleiar Veronica Kvalen Pilskog ved Høgskulen i Volda.

   2. plassen gjekk til «Cafè campus». Her skal ein samle nye og gamle studentar i eit nyoppussa, nedlagt,  gamalt murhus ved sida av Høgskulen.

Her kan studentane kjøpe seg rimeleg mat, slappe av i ei god atmosfære på dag-  og kveldstid,  og få tilbod om rimeleg  «studenttaxi». Juryen si grunngjeving: Dette vil kyte campus endå meir saman. Det vil auke trivselen og gjere campus meir levande.
Godt og vel  100 elevar frå Volda vidaregåande skule deltok på den vellukka  innovasjonscampen.

Helen Longva Fet