Stranda vgs. satsar sterkt på entreprenørskap

Møre og Romsdal · 16 des 2015

Stranda vgs. satsar sterkt på entreprenørskap

Stranda vgs des 2015 4

Stranda vidaregåande skule har lukkast med å danne ungdomsbedrifter på tvers av studieprogramma. Dette kom fram under ei stor markering ved skulen nyleg, der 100 inviterte gjestar fekk høve til å bli kjent med ungdomsbedriftene og skulen si entreprenørskapssatsing.

Det er elevar frå restaurant– og matfag, entreprenørskap og bedriftsutvikling for studiespesialisering som samarbeider og startar ungdomsbedrifter. Bedriftene sel og marknadsfører innovative produkt.

Ungdomsbedriftene ved skulen er:

«Brød-rett-hjem UB» som tilbyr glutenfrie brød til gluten-allergikarar, samt  eit brød til resten av familien. Brøda vert levert heim via posten, og ordninga er landsdekkande.

«Sunn Snacks UB» tilbyr sunn snacks frå rotgrønsaker produsert av lokale råvarer.

«Kafémat UB» tilbyr gode og kortreiste måltid, der  hjortekjøt i hovudsak utgjer råvara. Produkta vert  selt på to lokale kafear.

«GrønFjord UB» har utvikla eit konsept for besøkande, som vil bidra til meir miljøvennleg turisme i verdsarvområdet i Indre Storfjord.

Elevane synest det er inspirerande og interessant å samarbeide med andre elevar frå andre programfag.

Blant gjestane var foreldre, ordførarane frå kommunane Stranda og Norddal,  Jan Ove Tryggestad   og Arne Sandnes,  samt  representantar frå kommuneleiinga i Stranda kommune. Ordførarane var svært imponerte over kva elevane har fått til, og synest det er sværtviktig for det lokale næringslivet at skulen gir tilbod om entreprenørskap i undervisninga.

Popartisten  Hanne Kolsø frå Sykkylven underheld med fleire flotte  musikkinnslag.

Bildetekst:
Mange fekk høve til å bli kjent med ungdomsbedriftene og skulen si entreprenørskapssatsing.

 

Helen Longva Fet, UE MR