Ungdomsbedrifter på Norges viktigaste NM

Innlandet · 2 mai 2016

Ungdomsbedrifter på Norges viktigaste NM

Organizer UB med tredjeplass i FERD-prisen for størst verdiskapingspotensial. Foto: Ungt Entreprenørskap Norge

Fire ungdomsbedrifter frå Oppland deltok på årets NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm 28. - 29. april. To av bedriftene kunne reise heim med pallplassering.

To tredjeplassar til Oppland

Érimos Mafura UB (Gjøvik vgs), Organizer UB (Raufoss vgs), White Wolf Studios UB (Gjøvik vgs) og Mediehuset Vimpel UB (Gausdal vgs) representerte Oppland på NM for ungdomsbedrifter, etter å ha kvalifisert seg gjennom flott innsats på fylkesmessa i Oppland. To hektiske dagar på Lillestrøm blei avslutta med prisutdeling i ei rekke kategoriar. Organizer UB, som tilbyr praktiske, eigenproduserte toalettmapper, fikk 3. pris i FERD-prisen for størst verdiskapingspotensial. Érimos Mafura UB frå hudpleielinja på Gjøvik vgs kunne juble for 3. plass i kategorien Beste regnskap. I tillegg var både Organizer UB og Érimos Mafura UB nominert blant dei åtte beste i kategorien Beste utstilling. 

Statsministeren heiar på unge entreprenørar

- Dette er Norges viktigaste NM, sa statsminister Erna Solberg under den offisielle opninga. Statsministeren har i mange år vist eit stort engasjement for entreprenørskap i utdanning, og ho takka elevane for innsatsen dei har lagt ned i ungdomsbedriftene sine. Etter opningsseremonien tok ho seg god tid til å besøke utstillingane og snakke med dei unge gründarane. 

- Vi i regjeringa heiar på dei unge! Ungt Entreprenørskap er ein viktig institusjon som får fram skaparkrafta hos unge, noko som vil kome godt med når framtidas arbeidsplassar skal skapast, seier Solberg.

Tøff konkurranse

74 ungdomsbedrifter frå heile landet deltok på årets NM. Juryane hadde ein vanskelig jobb med å vurdere så mange bedrifter med veldig ulike idear og konsept. Nokre ungdomsbedrifter jobbar mest med innovasjon og utvikling av ein idé, medan andre har meir fokus på drift. Érimos Mafura UB er eit eksempel på det siste - disse elevane har hatt drift gjennom heile skuleåret, med praktisk yrkesutøving og reelle kundar. Som vinnar av Beste ungdomsbedrift på fylkesmessa i Oppland, var Érimos Mafura UB deltakar i konkurransen Beste ungdomsbedrift på NM. Saman med dei 18 andre fylkesvinnarane hadde dei ein fire minutt lang presentasjon på NM-scena, foran eit stort publikum. Opplands representantar gjorde ein flott innsats, men det var til slutt HidePark UB frå Trondheim som nådde heilt til topps, med sitt smarte sykkelstativ.

NM_UB_2016_IENH_24

Érimos Mafura UB frå Gjøvik vgs. Foto: Ungt Entreprenørskap Oppland

NM_UB_2016_IENH_23

NM blei opna av statsminister Erna Solberg. Foto: Ungt Entreprenørskap Oppland

NM_UB_2016_UEN_6

White Wolf Studios UB deltok med sitt eigenutvikla dataspel som har fokus på historiefortelling. Foto: Ungt Entreprenørskap Norge

NM_UB_2016_UEN_8

Mediehuset Vimpel UB på stand. Foto: Ungt Entreprenørskap Norge

Stands

Ungdomsbedriftene hadde jobba hardt for å lage flotte utstillingar på NM. Foto: Ungt Entreprenørskap Oppland