Ung skaperglede på regionmesse for elevbedrifter

Innlandet · 1 juni 2016

Ung skaperglede på regionmesse for elevbedrifter

Kapmah EB frå Otta ungdomsskole. Foto: UE Oppland

32 elevbedrifter skapte eit yrande liv på CC Stadion på Hamar i går. Det var høgt nivå på årets regionmesse for elevbedrifter, med engasjerte elevar som imponerte både jurymedlemmer og publikum. Frå Oppland deltok elevbedrifter frå Otta, Skåbu og Vågå.

På regionmessa for elevbedrifter møtast dei beste elevbedriftene frå Oppland, Hedmark, Akershus, Oslo og Østfold. Totalt 154 elevar var i aksjon på CC Stadion 31. mai. Kapmah EB frå Otta ungdomsskole deltok med sin eigenutvikla sports-bh med lomme til mobilen. SFB EB, også frå Otta ungdomsskole, har designa sjukehusskjorter for barn med fargar og figurar, som skal bidra til å muntre opp barn som må ligge på sjukehus. Skåbu oppvekst deltok med to elevbedrifter; EB 3-kløveren og EB Effektiv. Disse elevbedriftene produserer souvenirartiklar som representerer Skåbu, samt at dei tar på seg oppdrag frå bedrifter eller andre kundar i nærområdet, som har positive effektar for bygdemiljøet. Bakstjæntun EB frå Vågå ungdomsskule hadde tatt med seg steiketakke til Hamar og produserte sine mørlefser gjennom heile dagen.

Elevbedriftene blei vurderte av 21 jurymedlemmer frå arbeids- og næringsliv. Prisen for Beste elevbedrift gikk til Posetivitet EB frå Torstad ungdomsskole i Akershus. Dei redesignar gåveposar av gamle magasin, bøker, plakatar og tapet. Inntektene går til Nepal og gjenoppbygginga av ein skule som blei ramma av jordskjelvet i 2015.

Også Opplands representantar fikk grunn til å juble under prisutdelinga. EB 3-kløveren fikk 3. plass i kategorien Beste logo, medan Kapmah EB stakk av med to tredjeplassar; Beste produkt/teneste og Beste salgsteam.  

RegionmesseEB_2016_IENH_06

EB 3-kløveren, Skåbu oppvekst. Foto: UE Oppland

RegionmesseEB_2016_IENH_09

Åpning av messa ved daglig leiar i UE Hedmark, Anders Enger. Foto: UE Oppland

RegionmesseEB_2016_IENH_12

SFB - sykehusskjorter for barn EB ordnar standen sin. Foto: UE Oppland

RegionmesseEB_2016_IENH_18

EB Effektiv med besøk på standen. Foto: UE Oppland

RegionmesseEB_2016_IENH_19

Bakstjæntun EB frå Vågå. Foto: UE Oppland

RegionmesseEB_2016_IENH_14

Posetivitet EB frå Akershus blei kåra til Beste elevbedrift. Foto: UE Oppland