Invitasjon til oppfinnarmesse i Førde

Sogn og Fjordane · 23 sep 2015

Coop Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane støttar lokal verdiskaping og
lokale gründerar. No ynskjer vi i samarbeid med Smart Connect å gje alle med
ein god idé, eller ei Petter Smart-løysing ein sjanse til å vise seg fram, og
kanskje vinne litt heider og ære!

Arrangementet finn stad på Coop Extra Førde, Kronborg / Laurdag 17. oktober 2015 / kl 10.00

I samband med Smart Connect A/S si verdslansering på Coop Førde den 15. – 17. oktober
2015, inviterer vi alle små og store oppfinnarar til oppfinnarmesse hos Coop Førde laurdag 17.
oktober 2015. Har du ei oppfinning du ynskjer å vise fram, eller kanskje ein idé til eit nytt produkt,
er du berre kreativ og ynskjer å vise alt det flotte du har laga, då er dette staden for deg!
Coop Vest, Sparebanken Sogn og Fjordane og Smart Connect er spesielt opptatt av å få
fram og inspirere den kreative sida til born og unge. Vi vil gje dei lyst til å skape, vi vil vise dei at
teknologi og realfag er kjempespennande. Her vil det bli flotte premiar og mykje spennande å
sjå på. Vi oppfordrar alle til å melde seg på!

Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og Framtidsfylket vil nytte
høvet til å offentleggjere namnet på dei 5 finalistane til Årets Gründer 2015

0-10 år
• Beste barnehage/
klasseprosjekt
• Beste miljøoppfinning
• Open klasse
16-20 år
• Beste klasseprosjekt
• Beste miljøoppfinning
• Open klasse
10-16 år
• Beste klasseprosjekt
• Beste miljøoppfinning
• Open klasse
0-100 år open klasse
• Vis kva som er mulig om du lar kreativiteten,
kunnskap og samarbeid blomstre
• Beste oppfinning på COOP Smart 2015
uavhengig av kva klasse du er påmeldt i
• Den sprøaste ideen 2015

Påmelding til oppfinnarmessa gjer du til frsteen@online.no
innan 8. oktober. Ring oss gjerne om du treng meir opplysningar
på tlf. 977 31 334