Greenovation Challegne – Innovasjonscamp med fokus på fornybar energi.

Sogn og Fjordane · 9 okt 2015

Elavar i full gang med å løyse teambuildingsoppgåver.

• Rumenske og Norske elevar har arbeida  for å finne bærekraftige løysningar på utfordringar innan miljøvern, bærekraftig utvikling og energi.

• Tiltaket er ein del av det pedagogiske prosjektet Greenovation Challenge som involverar over 900 elever frå fjellområda i Romania og Noreg.

Leikeplassar for born kan i framtida bli små senter for grøn energiproduksjon i tillegg til å vere opplæringssenter for miljø og energi, i følgje prosjektet til ei av gruppene med elevar frå Romania og Noreg.

Idéen deira – Energy ground – kom til på campen arrangert på Sandane, Sogn og Fjordane, i perioden 29 september til 3 oktober 2015.

Campen  er ein del av prosjektet Greenovation Challenge, gjennomført av Junior Achievement (JA) Romania i samarbeid med Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane og organisasjonen Romontana Association.

Ground Energy park er designa slik at det vert produsert og lagra energi av leikeaktivitetar. På denne leikeplassen for framtida vil aktivtetar som hoppe tau, springe på matter og andre rørsler bli omgjort til energi ved hjelp av spesialutstyr utstyrt med sensorar, solcellepanel og skjermar som køyrer forklarande animasjonar om fornybar og rein energi.

"Gjennom denne erfaringa har eg fått meir sjølvtillit, eg har overvunne eigen frykt og grenser, eg har fått gode vener, og eg har fått ta del i aktivitetar som eg ikkje hadde fått teke del i på skulen eller heime i Romania. Saman med laget mitt vann eg første plass i tevlinga på campen. Men den største vinsten er at eg har forstått at utfordringane for framtida har ingen grenser», seier Teodora Elena Ghiuta, student ved High School Alexandru cel Bun, Gura Humorului, Romania.

Dei unge deltakarane jobba i blanda lag med å løyse utfordringar på bærekraft og fornybar energi på ein kreativ måte, der dei måtte velje mellom to tema: fornybar energi og framtidshuset.

"Greenovation Camp er eit fantastisk døme på det  å byggje bruer. Her har vi bygd bru  mellom Norge og Romania innan bærekraftig utvikling, med særlig vekt på problemstillingar knytt til intelligent bruk av fornybare ressursar. Vi føler oss privilegert som kan  bidra til disse aktivitetene som er, faktisk, ein generator av ideer som er med å  støtte bærekraftig utvikling av fjellområda ", sier Andrei Coca, prosjektassistent, Romontana, ein av prosjektpartnerane.

Gjennom besøket i Noreg fekk dei Rumenske elevane tileigna seg ny kunnskap på fornybar energi, dei fekk utvikle ferdigheiter på innovasjon, lagarbeid, sosialisering, kritisk tenking og samarbeid med ukjente lagkameratar på eit framandspråk.

I løpet av det første året av gjennomføringa av prosjekt Greenovation Challenge, har meir enn 500 studentar frå 14 byar i fjellområda i Romania delteke i førebuingar til campen.  Dei har hatt ulike økologiske utdanningsaktiviteter i klasserommet, og dei har hatt  webinar om bærekraft og om dei ferdighetene dei treng for ei framtidig karriere i eit veksande felt - å ta vare på  miljøet og ressursane.

Av alle deltakarane var det 13 heldige studentar som fekk lov å reise. Det var dei som hadde utmerka seg i førebuingane.

Prosjektet Greenovation Challenge vert drive i samarbeid med Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane (UESoF) fra Norge og Romontana Association.  I perioden  2014 til 2016 har over 900 elevar og 40 lærarar frå vidaregåande skular  i fjellområda frå Romania og Norge vore med i prosjektet. Prosjektet er finansiert av EØS-midlar 2009 - 2014, gjennom NGO-fondet i Romania. For offisiell informasjon om EØS-midlar besøk www.eeagrants.org .

«Vi var spente på korleis denne campen skulle bli. Men det viste seg fort at ungdom er ungdom, uansett kor dei kjem frå. Etter ein bretur, besøk på ein lokal kraftstasjon og ulike lagbyggingsøvingar samarbeida elevane godt.  Dei har fått mange gode opplevingar, og dei har også fått auke forståing for utfordringane knytt til bærekraft og fornybar energi», seier ansvarleg for campen, Jørn Helgheim, Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane.

UE SFJ takkar Firda Vgs ved rektor Hallgeir Hansen og Studieleiar Magne larsen for godt vertskap og tur til Haugabreen. Vi takkar  Sogn og Fjordane Energi ved Kai Petter Sårheim og Ole Gaute Hovstad  for gode oppgåver og god mentorering. Og vi takkar miljøvernavdelinga på Sogn og Fjordane Fylkeskommune, ved Elisabeth Kjærstad Bø for støtte.