Framtidsretta energiløysingar på Nord-Gudbrandsdal vgs

Oppland · 2 nov 2015

Framtidsretta energiløysingar på Nord-Gudbrandsdal vgs

Vinnargruppa med juryen. Foto: Ungt Entreprenørskap Oppland

Fredag 30. oktober deltok 180 elevar frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule på innovasjonscamp med temaet "Energi for framtida". Gruppa som leverte den beste og mest energismarte løysinga, skal til Trondheim på nasjonal finale i februar.

Ungt Entreprenørskap har sidan 2008 hatt eit samarbeid med Enova SF. Gjennom innovasjonscampar rundt omkring i fylka skal elevar i vidaregåande skular bli inspirerte til å jobbe kreativt og framtidsretta om energi- og klimautfordringar. Dette skjer ved at Enova leverer eit konkret oppdrag, som elevane jobbar med i grupper. Mot slutten av innovasjonscampen presenterer gruppene løysingane sine for ein jury, som kårar ein vinnar.

Klimalab

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule opna i januar 2015 ein klima- og energilab. Ei av målsettingane til klimalaben er auka kunnskap om, og større fokus på klima, energi og miljøspørsmål i regionen. Prosjektleiar for klimalaben, Inger Oddrun Sverkmo, var derfor svært glad for at skulen også i år fikk arrangere Energi for framtida innovasjonscamp. Årets camp markerte starten på ei heil veke med foredrag og aktivitetar knytt opp mot klima og miljø. - Med 180 elevar på innovasjonscamp får vi ein pangstart på klima- og energiveka vår, seier Sverkmo. 

Skal representere Oppland på nasjonal finale

Etter ein lang og intens dag med jobbing blei det til slutt kåra ein vinnar som skal til Trondheim og representere Oppland på Nasjonal innovasjonscamp i februar. Vinnarlaget sitt løysingsforslag gikk ut på å produsere bioetanol ved hjelp av alger.

Juryen som kåra vinnaren, var sett saman av lokal og regional ekspertise på området: Tore Jakobsen frå Energisenteret på Hunderfossen, Hege Tokerud frå Eidsiva, Svein Tore Nymoen frå Statoil, Kjell Stålevik frå Eidefoss, Pål Ellingsbø frå Norconsult og Gry Anita Lunde frå Vitensenteret Innlandet.

Enova_IC_Otta_IENH_2015_10_web

Vinnargruppa

Enova_IC_Otta_IENH_2015_3_Web

Elevane jobbar med oppdraget.