Sjef i eget liv

Møre og Romsdal · 12 jan 2016

Sjef i eget liv

Ålesund vgs.  var først ute i Møre og Romsdal med gjennomføringa av  programmet «Sjef i eget liv».

 

 

Sjef i eget liv bilde 1

Unge menneske vert utsett for eit stort kjøpepress, og tilboda om ulike betalingsløysningar er mange. Fleire av desse betalingsløysingane er freistande og enkle å ta i bruk, men dei kan verte svært kostbare på sikt.

   «Sjef i eget liv»er bygd opp rundt ei digital plattform som viser korleis forbruksval påverkar mulegheitene for å spare opp eigenkapital til bustadkjøp. Elevane vil få ei forståing av at dei val dei gjer allereie i dag, kan ha stor betyding for mulegheitene til å kjøpe eigen bustad seinare i livet.

   Gjennom programmet vert elevane sett overfor ulike situasjonar som  synleggjer konsekvensane av eigne val knytt til utdanning  og karriere,  personleg økonomi og det å sjå verdien av langsiktig sparing.

   Elevane ved Ålesund vgs. var svært nøgde etter å ha gjennomført   programmet.  Dette er noko vi får bruk for både no og seinare i livet.  Verkeleg nyttig og viktig informasjon å ta med seg, sa  elevane.

   Det tek tre skuletimar å gjennomføre programmert.  Sparebanken Møre  har det faglege ansvaret medan  Ungt Entreprenørskap  organiserer programmet.