Ordføreren i Skodje har gjennomført Vårt lokalsamfunn med 4. trinn

Møre og Romsdal · 18 april 2016

Ordføreren i Skodje har gjennomført Vårt lokalsamfunn med 4. trinn

Flott beskriving av viktigheten og betydninga av programmet Vårt Lokalsamfunn. Skreve og publisert av ein engasjert og motivert
ordfører, i  entreprenørskapsløype kommuna Skodje!

"Vårt lokalsamfunn" på Skodje barneskule Eit av dei trivelege (og krevjande) oppdraga ein ordførar har. Eg har denne veka vore med på to økter i lag med  fjerdeklassen på Skodje Barneskule. Det var stor stas og mykje energi i klassa og høgdepunktet var då eg delte ut diplom for deltaking siste dagen. Elles var dette eit interessant program som eg trur alle lærte ein god del av.

4. trinn på Skodje barneskule har denne veka vore med på aktiviteten «Vårt lokalsamfunn» som er eit opplegg som er laga av Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal. Det er laga ein god manual for denne aktiviteten, og vi hadde ei felles kursøkt med rettleiar Henrik Vedde frå Ungt Entreprenørskap MR. Nokre av oppgåvene var lette, andre var litt kompliserte men dei skapte stort engasjement og vi tilpassa det litt til alderstrinnet.

Prosjektet er ei oppdagingsferd i samspelet mellom menneske, næringsliv og offentlege tjenester i eit lokalmiljø. Programmet tar elevene med på en oppdagelsesferd i lokalsamfunnet der dei lærer om lokalt arbeids- og næringsliv si betydning for velferd og trivsel. Det fokuserer også på betydninga av individet sitt ansvar og høve til å bidra til at lokalsamfunnet blir ein god stad for alle.

Lærarane Astrid Aasebø og Karin Stene var prosjektleiarar på barneskulen og la til rette for prosjektet.

Elevene fekk innsikt i:

kva eit lokalsamfunn er korleis ein tek demokratiske avgjørelser kva eit lokalsamfunn treng for at alle skal ha eit godt liv verdien av gode offentlige tenester kvifor vi betaler skatt korleis pengar sirkulerer i et lokalsamfunn Det var også triveleg å få besøke barneskulen og treffe dei mange kjekke og engasjerte lærarane vi har der. De gjer ein stor og viktig innsats for bygda vår!

14.04.16

Dag Olav Tennfjord Ordførar