Kronprinsen møtte ungdomsbedriftene ved Stranda vgs og opna lokal yrkesmesse

Møre og Romsdal · 1 feb 2016

Kronprinsen møtte ungdomsbedriftene ved Stranda vgs og opna lokal yrkesmesse

Kronprins Håkon møter ungdomsbedriftene ved Standa vgs.

– Noreg treng fleire unge som vel yrkesfagleg utdanning. Det er difor viktig at bedriftene i nærmiljøet stiller opp med fleire lærlingplassar og viser seg fram på denne måten, sa kronprins Håkon då han opna den lokale yrkesmessa på Stranda nyleg.

Den lokale yrkesmessa hadde som mål å vise elevane mellom 15-18 år mangfaldet av jobbmoglegheiter og karrierevegar i arbeidslivet. Yrkesmessa var eit samarbeid mellom Stranda vidaregåande skule, kommunane Norddal, Stordal og Stranda og næringslivet i dei tre kommunane.

Stranda vgs. hadde og ein stand på yrkesmessa, og viste mellom anna  fram ungdomsbedriftene ved skulen.

Her tok kronprinsen seg god til å smake på produkta og snakke med elevane.