Vårt Lokalsamfunn slår an i Hardanger

Hordaland · 13 okt 2015

Vårt Lokalsamfunn slår an i Hardanger

Ein flott og engasjert gjeng lærarar og rettleiarar på kurs i Øystese

Hardingane har for alvor fått opp augene for programma Ungt Entereprenørskap tilbyr i skulane

Frå dette skuleåret av har alle dei sju hardangerkommunane Odda, Ullensvang, Eidfjord, Granvin, Ulvik, Kvam og Jondal teikna samarbeidsavtale med Ungt Entreprenørskap.

Det første programmet som skal ut i skulane i haust er Vårt Lokalsamfunn, og det vil alle skulane i regionen vere med på. På nokre av skulane går elvar frå 3.- 4. steget eller 4. - 5. steget saman, så dei melder seg på annakvart år. Til saman skal altså alle elevar i heile Hardanger få vere med på Vårt Lokalsamfunn i løpet av barneskulen.

Det krevst mange rettleiarar for å få det til, og heldigvis er det mange engasjerte ressurspersonar rundt i kommunane som stiller opp. Tilbakemeldingane me får er at Vårt Lokalsamfunn er kjekt å få vere med på, både for små og store!