Årsmelding 2017

Jubilant med ambisjonar 

Ungt Entreprenørskap fylte 20 år i 2017. Frå den spede oppstarten i 1997 har organisasjonen vokse seg stadig større - vi tilbyr fleire program og aktivitetar, og ikkje minst når vi ut til mange fleire elevar og studentar. Dette er bra, men vi har ambisjonar om å nå ut til alle! Dermed er det fortsatt ein veg å gå, og det er fortsatt behov for ein aktør som Ungt Entreprenørskap. I den nye regjeringsplattformen står det at regjeringa vil auke innovasjons- og entreprenørskapskompetansen i heile utdanningsløpet. Dette samsvarer godt med den nye overordna delen av læreplanen som blei fastsatt 1. september 2017. Der står det bl.a. at "Skolen skal la elevene utfolde skaperglede, engasjement og utforskertrang, og la dem få erfaring med å se muligheter og omsette ideer til handling." UE er meir enn klar til å vere med på å gjere jobben, i samarbeid med skuleverket!

EU-prosjektet ICEE (Innovation Clusters for Entrepreneurship Education), som har vore leia av Østlandsforskning, har gjort fleire interessante funn som støttar opp om UE si satsing på bedriftsprogramma. Bl.a. viser resultata at elevar som brukar 100 timar eller meir på ungdomsbedrift, blir meir motiverte, legg ned større innsats i skulearbeidet og får betre skuleprestasjonar. I Oppland har vi valgt å satse på nettopp bedriftsprogramma. Også tidligare forskning viser at det er disse programma som gir best effekt. Vår satsing betyr også at nokre av programma i UE sin portefølje ikkje blir tilbudt i Oppland, men vi har sterk tru på at det er ei riktig prioritering. Hausten 2017 kunne vi glede oss over at Oppland hadde flest registrerte elevbedrifter i heile landet!

UE sitt 20-årsjubileum blei markert på mange av UE sine arrangement gjennom året. Internt i organisasjonen blei jubileet feira på nettverkssamlinga på Gaustablikk i juni, der eitt av høgdepunkta var UE-familien i samla tropp til topps på Gaustatoppen. 

På Gaustatoppen under UEs nettverkssamling i Telemark

Årets Leder for en dag var også ein del av feiringa. Oppland sin deltakar var Mari Brustuen, som i skuleåret 2016-17 utmerka seg som daglig leiar av Carry It UB. Mari fikk følge idrettspresident Tom Tvedt gjennom ein heil arbeidsdag. Same kveld var deltakarane på Leder for en dag invitert til jubileumsmiddag på Månefisken, saman med andre inviterte gjester.

I samband med jubileet blei vi kjent med mange av dei fantastiske historiene om korleis UE sine program har hatt avgjerande betydning for unge menneske sine utdannings- og karrierevalg. Dette gir inspirasjon til vidare innsats! Eit jubileum er tid for tilbakeblikk og oppsummering, men like viktig er motivasjonen som spring ut av dette tilbakeblikket. UE har ein stor heiagjeng – det er mange som støttar oss og meiner vi gjer ein viktig jobb. Og ikkje minst så består UE av ein gjeng med ekstremt dedikerte medarbeidarar, som legg hjertet sitt og sjela si i jobben kvar einaste dag.

Men trass i dette eineståande engasjementet – åleine kan ikkje UE få gjort jobben. Dersom vi skal lykkast, er vi heilt avhengige av eit godt samspel med skuleleiing, skuleeigar, lokalt næringsliv og aller mest med den enkelte lærar. Stor takk til alle som står på for at elevar og studentar skal få utvikle kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølv! Vi ser fram til eit nytt år saman med dykk!

 

31. januar 2018

Inger Elin Nes Hjelle
Konstituert daglig leiar i Ungt Entreprenørskap Oppland 

Inger Elin Nes Hjelle