Årsmelding 2015

Å bygge lego utan bruksannvisning:

Når eg var 14 år reiste eg til Sør Amerika med familien ein sommer. Dette var ei side av verda som eg eigentlig ikkje viste eksiserte, dette var ei verd der mange måtte jobbe beinhardt for å overleve kvardagen. Men det er ein ting eg huskar som om det var i går. Når vi var i Venezuela ein varm sommardag, var det ein liten gut som hadde laga ei trillevogn som han selde heimelaga lemonade frå. Denne guten hadde både entusiasmen og gründersjela i seg, for i mangel på skule og arbeidsmoglegheiter hadde han rett og slett bare bestemt seg for å starte opp ei eiga bedrift, i ein alder av 11 år.

Norsk galskap - artikkel

I etterkant av dette, var det ei frø begynte å spire i meg, for viss det var mogleg å starte opp ei bedrift som ellveåring i ei verd med desse føresetningane, burde jo potensiale være massivt for ein ungdom i Sogn og Fjordane. Men i tillegg til alle dei grunnleggande forskjellane på her og der, er det ein faktor som verkeleg endrar spelet i vår favør: Vi har Ungt entreprenørskap med på laget.

Når eg var 17 år, valde eg å gå service og Samferdsle på Eid VGS etter nokre samtalar med mora mi (Takk mamma). I tillegg til fantastiske lærerar, fekk eg også eit forhold til Ungt Entreprenørskap som blei avgjerande for vegen vidare. Gjennom UE sine program, starta vi ei ungdomsbedrifta «Kampen om Nordfjord» som i korte trekk lagde eit artig brettspel for regionen. Vi fekk både lov til å prøve og feile, og lærte uhorveleg mykje i løpet av det kommande året. For meg var dette endringa der eg gjekk frå å være på skulen, til å lære på skulen.

Etter 3 år på Nordfjordeid gjekk eg vidare til Høgskulen i Ålesund der eg byrja på «Innovasjonsleiing og Entreprenørskap». Undervegs holdt samarbeidet med Ungt Entreprenørskap fram, og eg fekk inspirasjonen til å skape eit nytt brettspel. Etter ei god stund med planlegging kom «Norsk Galskap» inn i butikkhyller over heile Noreg. Det tok utrulig mykje hardt arbeid, og eg skal ikkje late som noko anna, men når både UE og kjernepersoner hjelper til frå sidelinja, kan også det umoglege bli mogleg.

Etter lanseringa av «Norsk Galskap», fekk eg ein trong til å prøve meg på eit nytt Eventyr. Med litt inspirasjon frå «Street-food»-kulturen i USA, opna eg eit mobilt kjøkken  der målet var enkelt: Fantastisk Taco til svoltne folk. Når sommaren var over, fekk eg også med ein Mexicansk proff-kokk som tok familieoppskriftene inn på kjøkkenet vårt. Det er mykje som har skjedd sidan da, og det blir morsomt og sjå kva "Tacoway" kan bli i framtida.    

Tacoway artikkel

Å starte ei bedrift er litt som å bygge Lego utan bruksanvisning: Det er spennande, der er krevande, og du skal holde på ei stund før den siste brikka er på plass. Gjennom Ungt Entreprenørskap får ein både sjansen til å oppleve nederlag og suksess, og det hjelper så vanvittig mykje at ein får smake litt på begge to i trygge rammer før ein boltrar seg laus i verkelegheita. Nivået på ungdomsbedriftene i Sogn og Fjordane blir stadig betre, og potensialet er utenkeleg stort så lenge vi lar dei få sette galskapen ut i verkelegheita! 

Les meir om Tacoway AS på Facebook og nett : 

https://www.facebook.com/tacowaynorge/info?tab=overview 

http://www.tacowaybergen.no/