Årsmelding 2015

Binderpunch - ein genial idé

Binderpunch product

Under ein gründercamp på Stryn Ungdomsskule for ei tid tilbake fekk Rikard Bøe den geniale idéen til å utvikle Binderpunch - ei holemaskin som du kan setje inn i ringpermen din. På Binderpunchen er det plass til ein bedriftslogo og produktet egnar seg godt som ein "giveaway". 

CEO Rikard Bøe Binderpunch  - artikkel

I dag har Rikard starta eiga bedrift der han står for produksjon og sal av Binderpunch'en.  Produktet kan du få kjøpt i nettbutikken eller gjennom eit 10-tals forhandlarar. Liste over forhandlarane finn du på nettsida til Binderpunch http://binderpunch.no/  

Binderpunch har hovedkontor i Stryn og avdelingskontor i Oslo og Bergen.