Årsmelding 2015

LEIARKURS FOR UNGDOMSBEDRIFTER 2015

Leiarkurs for ungdomsbedriftselevar er etter kvart blitt ein fast tradisjon i UE Sogn og Fjordane.

leiarkurs_artikkel

Bilde frå leiarkurs 2014

21. og 22. oktober arrangerte UE Sogn og Fjordane leiarkurs for UB leiarar på Skei Hotell. I alt 30 uB leiarar deltok på kurset som vart godt motteke av deltakarane. Trine Lerum Hjellhaug fortalte ungdommane om sitt liv som toppleiar i eit storkonsern. Ho la spesielt vekt på dei utfordringane ho møtte som ung kvinneleg toppleiar i starten. I tillegg var det foredrag frå gründerbedrifta Pixelwerk ved dagleg leiar Nicolas Iannone og Innovasjon Norge ved Halvor Flatland. Trond Valaker frå Sparebanken Sogn og Fjordane fortalte om økonomistyring i ungdomsbedrift og LO sin ungdomsssekretær Øyvind Møller snakka om spelereglar i arbeidlivet. NAV arbeidslivssenter hadde fokus på HMS og inkluderande arbeidliv. Kurset gjekk over to dagar (lunch til lunch) og vi hadde lagt inn diverse kommunikasjonsøvingar undervegs.