Årsmelding 2015

LEIAR FOR EIN DAG

Kvart år plukkar UE Sogn og Fjordane ut ein elev som får delta i det nasjonale programmet "Leder for en dag". Eleven får skygge ein norsk toppleiar gjennom ein heil arbeidsdag. Denne gangen var det dagleg leiar i Westtip Supplies UB, Sindre Kolseth, sin tur. Han vart utplukka på grunnlag av sin suksess med bedrifta samt at han vart kåra til Norges beste seljar under NM for UB 2015. 

23FEA1sindre2

Sindre fekk skygge konsernsjef John Giverholt i Ferdkonsernet ein heil arbeidsdag og uttrykte i etterkant at det hadde vore svært lærerikt og gjevande.

Les meir om leiar for ein dag her : 

http://www.ue.no/Nyheter/Toppleder-for-en-dag/(language)/nor-NO 

http://www.ferd.no/om_ferd/nyheter/sindre-18-fra-maloy-blir-toppsjef-for-en-dag