Årsmelding 2015

INTERNASJONAL ECO CAMP/GREENOVATION CAMP - SANDANE, NORDFJORD SEPT/OKT 2015

Vi har i nokre år samarbeida med vår systerorganisasjon i Bulgaria, Junior Achievement Bulgaria (JA Bulgaria) om International Eco camp. I oktober 2014 reiste vi til Bulgaria med 16 ungdomar frå grunn og vidaregåande skular i fylket. Vi vart møtt av 24 Bulgarske ungdomar og tilsette i JA Bulgaria. Dette vart ei flott veke i  Momchilovtsi, ein landsby i Rodohpifjella sør i Bulgaria. Veka inneheldt ikkje berre gründercamp, men teambygging, ulike kurs, ekskursjonar til bærekraftige bedrifter mm. 

I september 2015 var tida inne for ein gjennvisitt av våre Bulgarske vener. Samstundes har UE Sogn og Fjordane ei stund samarbeida med ein annan systerorganisasjon, Junior Achievement Romania (JA Romania) om eit prosjekt kalla Greenovation camp, ein innovasjonscamp med tema fornybar energi. Så her tenkte vi stort og slo saman desse prosjketa til ein stor innovasjonscamp med deltakarar frå 3 ulike land, der temaet var fornybar energi. Våre lokale smarbeidspartar var Firda vgs, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sogn og Fjordane Energi.

5-700

Campen starta med ulike lagbyggjingsoppgåver på det vakre museumsområdet til Nordfjord folkemuseum på Sandane. Det var både praktiske og teoretiske oppgåver som skulle løysast. Den kjekkaste var kanskje då kvar gruppe fekk ein sum pengar kvar og skulle lage middag til gruppa, der alle tre landa skulle være representert på menyen. 

IMG_4692-700

For å gje elevane best mogleg grunnlag til å setje seg inn i problemstillingane rundt klima/miljø og fornybar energi tok vi dei med på ulike ekskursjonar. Første stopp var Haugabreen i Jølster. Denne breen er lett å komme til, samstundes som han ligg i masjestetiske omgjevnader. 

12105783_10153052900271671_3772694649540998744_n-700

Breane er klimaindikator nr ein, det er lett å sjå kor mykje dei har gått tilbake dei siste åra. Samstundes er det ei stor oppleving å komme på ein bre for første gang. For mange var dette eit av høgdepunkta på campen. 

DSC_7672-700

For å setje elevane inn i temaet fornybar energi tok vi dei med til Eidsfossen kraftstasjon der dei produserer energi av vatn. Der fekk dei vite korleis dette skjer og ein del fakta om kor mykje ein produserer.

Greenovation camp - Sandane 

IMG_4673-700

Temaet for sjølve campen var fornybar energi,  oppgåvene var laga av SFE. Elevane kunne velje mellom to oppgåver, den eine gjekk på korleis ein kan lære born og unge om samanhengen mellom fornybar energi og foureining og klimaendringar i verda, og den andre utfordringa gjekk på å beskrive korleis framtidas smarte teknologi kan brukast til å gjere husa våre meir komfortable og trygge.

Elevane arbeida sjølvsagt i grupper på tvers av nasjonane.  

IMG_4648-700

Vinnargruppa på campen; Laurentiu frå Romania, Yohana og Mira frå Bulgaria, og Marie og Solveig frå Førde og Noreg.                                                             

Juryen vart mest imponert av gruppa som stod bak «The Energyground».

The Energyground er ein leikeplass der ungane kan lære om fornybar energi på ein morosam måte. Leikeapparata lagar energi på ulike måtar.  For å sjå teiknefilm må du lage energien på sykkelen din føst.  For å få opplyst leikeplassen må du bevege deg på bakken osv. Gode idear og ein god presentasjon. 

Etter campen reiste ungdomane frå Romania heim, medan ungdomane frå Bulgaria og Noreg reiste til Nesholmen for å halde fram campen der. Desse ungdomane møttes i fjor i Bulgaria der dei arbeida med grønne foretningsidear, og på Nesholmen tok dei opp att tråden frå i fjor. 

IMG_8944-700

Med var og eit spanande bedriftsbesøk på Brødrene Aa i Hyen får å sjå på båtbygging i karbonfiber. Direktøren sjølv tok i mot oss og guida oss rundt. Båtbyggjarane i en vesle vestlandsbygda er verdsleiande på dette området, og har nett landa ei stor kontrakt med eit fergeselskap i Kina.  Teknologien gjer at ein reduserer drivstoff forbruk og ein  kuttar utsleppa i høve tilsvarande båtar med 40 %. 

IMG_9031-700

Så var det enda ein camp, denne gangen med grøne foretningsidear. 

Vera Petkantchin som er prosjektleiar frå JA Bulgaria er særs nøgd med opphaldet:  «Studentane har lært mykje om fornybar energi. Det har dei vist I løysingane på oppgåvene som inneheldt nokre innovative idaer. Vi er utruleg imponert av den storslåtte naturen i Sogn og Fjordane, og er svært glade for å ha sett den på sitt finaste – ved fjell, fjord og bre. Men  det mest imponerande, og det som eg vonar elevane tek med seg heim, er korleis det norske samfunnet er bygd på gjensidig tillit og respekt og ikkje på mistillit og mistru.»

UE SFJ takkar Firda Vgs ved rektor Hallgeir Hansen og Studieleiar Magne larsen for godt vertskap og tur til Haugabreen. Vi takkar  Sogn og Fjordane Energi ved Kai Petter Sårheim og Ole Gaute Hovstad  for gode oppgåver og god mentorering. Og vi takkar miljøvernavdelinga på Sogn og Fjordane Fylkeskommune, ved Elisabeth Kjærstad Bø for støtte.