Årsmelding 2015

GRUNNSKULEMESSER

Vi er med å arrangerer to elevbedriftsmesser i året.  Sognemessa for kommunane i Sogn og Elevbedriftsmessa i Naustdal for Sunnfjord.  Dette  er møteplassar der ungdomane får vise fram bedrifta si og får tevle med andre om gjeve prisar. 

Sognemessa.

I Sogn byter kommunane i Indre Sogn på å arrangere messa. Sogn Regionråd står som arrangør, UE som medarrangør. Elevar frå Aurland, Lærdal, Vik, Luster, Leikanger, Sogndal, Balestrand, Årdal og Høyanger deltek på messa. 9 klassingar stiller ut elevbedriftene dei har arbeida med dette året, og 8 klassingane er med som publikum og får gå på ulike bedriftsbesøk i kommunen som arrangerar messa. Mellom fem og seks hundrede elevar deltek kvart år på denne messa.

 

IMG_8505 web

Årets EB i Sogn 2015 "Bruktbutikken". I tillegg til å vere ein bruktbutikk vart dette ein samlingsstad med kafe for heile bygda, og skapte mykje positiv aktivitet.

Naustdalsmessa.

Dette er ei messe for elevbedrifter i Sunnfjord, men er også open for Elevar frå Hafs-kommunane og Nordfjordkommunane. Den har vore arrangert i 5 år no, og har funne ei form som ser ut til å passe dei fleste. Utstilling av elevbedrifter, foredrag av ungdomsbedrifter for ungdomsskuleelevane og kåringar i ulike kategoriar til slutt. 

IMG_8245 web

Årets EB i Sunnfjord 2015, Halbrend Røykeri, som laga vakumpakka røykelaks.